Hareid Group-dotterselskapet HG Handel, som eig og driv Lefdal- og Elkjøp-butikkane på Sunnmøre, har i mange år hatt felles administrasjon, felles innkjøp og ei rekkje andre samordningsfunksjonar. I likskap med kjedene i resten av landet, bil dei tre Lefdal-butikkane i høvesvis Ulstein, Volda og Ålesund bli til Elkjøp 15. januar.

– Vi har same kundesenter og service- og reparasjonsordningar allereie. Det einaste du som kunde vil merke, er at vi får betre garantiar og lågare prisar, seier Ingar Teigene til Vikebladet Vestposten.

Han er dagleg leiar for HG Handel. Teigene meiner avgjersla, som blei gjort frå sentralt hald, var eit rett val.

– No som alle tidlegare Lefdal-butikkane blir ein del av Elkjøp bil vi effektivisere drifta ytterlegare. Sjølve avgjerda blei gjort av andre enn oss, men eg er ikkje i tvil om at dette er eit positivt val og at det skjedde til rett tid. Vi ser mellom anna stadig aukande konkurranse frå netthandelen, og dette kan vere ein måte å betre for eiga drift på, seier han.

Glad for at ingen misser jobben

Samanslåingar har opp gjennom historia gitt ulike utslag, og i verste fall oppseiingar. Men, sidan begge kjedene allereie er eigd av same eigar, den engelske elektronikkgiganten Dixons Carphone, så handlar ikkje denne samanslåinga om meir enn eit reint profilbyte for Lefdal-butikkane.

– Eg er veldig glad for at vi får behalde alle utsalsstadane og ikkje minst at ingen av våre tilsette misser jobben sin som eit resultat av denne endringa, seier Ingar Teigene.

Han fortel at HG Handel AS hadde eit rekordbra år i 2017, med ei omsetning på heile 350 millionar kroner og eit resultat på over 17 millionar før skatt.

– Vi er eit selskap i god medvind, seier Teigene.

Begge butikkane blir med vidare

Éin ting er Ingar Teigene heilt tydeleg på i høve samanslåinga av kjedene.

– Begge butikkane i Ulsteinvik vil bestå. No har vi drive Elkjøp på Blåhuset sidan i 2011, og å drive elektrohandel med fullsortiment i andreetasjen i eit kjøpesenter er krevjande nok. Men vi tilpassar sortimentet ut ifrå nettopp dette, at butikken ligg inne på eit kjøpesenter. Det gjer at vi nok går for at dei tyngre elektrovarene blir å sjå i større grad i Saunesmarka, ikkje heilt ulikt i dag, medan det framleis blir mykje av dei mindre på Blåhuset, slik det har vore. Men, det blir framleis fullsortiment i begge butikkane, seier han og legg til:

– Dette har på mange måtar vore eitt lag med to forskjellige drakter, som no blir til éi. Denne samanslåinga blir etter mi meining til det beste for alle, der vi styrkjer kundefordelane, effektiviserer og sikrar gode prisar i høve nettet. Draktene blir like, og det ser vi fram til.

Positive til draktbytet

Butikksjefane ved Elkjøp og Lefdal i Ulsteinvik og Saunesmarka, høvesvis Eiliv Tore Howlid og Tom Lund, er positive til endringa som tek til å gjelde frå måndag av.

– Det blir litt av eit arbeid på oss for å vere ferdige med å profilere om til måndag, men det skal vi klare. Eg trur at dette vil vere det beste både for selskapet og kundane, seier Tom Lund.

Eiliv Tore Howlid ser også fram til at det blir to Elkjøp-butikkar i bygda, og ser ikkje problemet med to på same plass.

– Nei da, dette trur eg blir heilt greitt. Vi held fram om lag som før, og det er det viktigaste, seier han.

Ingar Teigene, dagleg leiar for HG Handel, som mellom anna eig dei to butikkane i Ulsteinvik, meiner det var eit rett val å slå saman dei to kjedene. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.