– Vi ser enkelte lyspunkt i næringa, men vi kan ikkje friskmelde oss. Det vil framleis vere svært krevjande i 2018, både for rigg og offshore. Ratane er framleis låge og aktiviteten må ytterlegare opp, seier administrerande direktør Harald Solberg i Rederiforbundet til Stavanger Aftenblad.

Ifølgje Rederiforbundet ligg 18 boreriggar i opplag i januar. Dette er sju færre enn i januar i 2017. Når det gjeld offshorefartøy, er situasjonen framleis krevjande, med 130 skip i opplag mot nesten 160 skip i januar i fjor.

Onsdag morgon kosta nordsjøoljen rett over 69 dollar fatet.

Riggbransjen pleier vere ein god indikator på korleis det går i oljebransjen og for kvar lista for forventningar kan leggjast framover, skriv Aftenbladet.

– Marknaden vil framleis vere krevjande, men heldigvis ser vi nokre positive bevegelsar i form av auka aktivitet. I første del av 2018 er det planlagt at fire nye riggar kjem i arbeid på sokkelen. Dette er ei betring frå året før, seier Solberg.

Då vil det vere 24 riggar i drift på norsk sokkel.

Rederiforbundet anslår at mellom 6.300 og 6.800 stillingar står ledige når 18 riggar ligg i opplag, i tillegg til indirekte ramma underleverandørar.