(Sunnmørsposten): – Verdien på fangsten er på rundt 35 millionar kroner. Av dette utgjer fiskemjøl og -olje cirka to millionar, resten er filet. Talet på driftsdagar tatt i betraktning må dette kunne seiast å vere ein skikkeleg storfangst, seier driftssjef i Halstensen Granit AS, Ola Inge Grønnevet.

Tirsdag kom fabrikktrålaren, som eigast nettopp av Austevoll-selskapet, til Ålesund og Ellingsøy for å losse etter enda tur.

– Vi gjekk frå Tromsø 6. desember og har med andre ord vore ute i fem veker. Fisket skjedde i Barentshavet, og av fangsten – 1.650 tonn rund vekt, er nesten alt torsk, fortel skipper Bjørn Moldskred.

– Tidlegare har vi hatt to lossingar nordafor, men dette er første lossing på desse kantar i nybåten si historie, fortset han.

Full av lovord om båten

Det var 24. august at nye «Granit» blei overlevert frå Tersan Shipyard i Tyrkia.

– Etter det bar det rett på fiske med mål om å ta storparten av torskekvota for 2017 i løpet av fire månader. Det har vi klart, seier Moldskred.

Skipperen er full av lovord både om sjølve båten – som er designa av Skipsteknisk, så vel som fabrikken som er levert av Optimar.

– Så langt er vi veldig godt fornøgd. Når det gjeld fabrikken hadde vi som mål å produsere 40 tonn filet i døgnet. Allerede no, etter berre tre turar, er vi oppe i 35.

Lange sunnmørske røtter

For dei som ikkje kjenner historia til «Granit» så er dette ein båt med lange sunnmørske røter, nærmare bestemt til Vartdal og Grønnevet-reiarlaget. Dagens båt er den femte i rekka i Norge som ber navnet, og når det gjeld Halstensen- familien, så tok dei over i 2012.

Sjølv har Moldskred vore med på fire av dei fem båtane.

– Eg byrja som fiskar i 1984, blei styrmann i 1990 og har vore skipper sidan 1996, fortel han.

Om bord-produksjon

Om bord i den vel 81 meter lange og 4.427 bruttotonn store fabrikktrålaren, jobbar det 34 personar.

– Her produserer vi filet, fiskemjøl og fiskeolje, og er også innretta slik at vi kan produsere det som kallast HG – head and gutted, fisk som er kappa og sløya, seier Moldskred.

– Alt blir brukt, det er berre vatn som går ut igjen, legg han til.

Denne måten å drive produksjon på kallast om bord-produksjon, og under konferansen Ombordfryst 2018 onsdag skal driftssjef Ola Inge Grønnevet i Halstensen Granit, snakke nettopp om nyinvesteringane dei har gjort for å kunne drive slik. Konferansen skjer i regi av Norges sjømatråd, Nordea Bank og Fiskebåt og finn stad på Scandic Parken Hotel i Ålesund.

Denne saka vart først publisert i Sunnmørsposten.