I utgangspunktet er ikkje den offisielle salsstarten for prosjektet før 18. januar, men allereie har Ulsmo Eigedom AS selt 41 prosent av første byggetrinn i bustadprosjektet Fri Sikt Volsdalsberga i Ålesund. Det skriv Ulsmo Eigedom i ei pressemelding.

Kjempeprosjektet består totalt av heile 150 leilegheiter fordelt på to byggetrinn. Det skal byggast seks hus, som er frå 4 til 14 etasjar høge. No er det første byggetrinnet Ulsmo Eigedom har starta salet på, dei tre husa som skal ligge nærast Borgundfjorden.

– 41 prosent av bustadprosjektet blei selt i desember og vi skal opp i 60 prosent før bygginga startar, påpeikar Ingerid Ulstein, administrerande direktør i Ulsmo Eigedom.

– Det har i løpet av hausten blitt snakka og diskutert mykje rundt fallande bustadprisar og treigare bustadmarknad. I første byggetrinn kostar halvparten av leilegheitene under 5 millionar og salet så langt viser at det er selt like mange leilegheiter over 5 millionar som under. Dette viser at bustadprosjektet sel godt i fleire segment, seier Christian Young i Ulsmo Eigedom.

Leilegheitene som vart selde i desember var berre for interessentar som hadde førehandsreservert leilegheiter. Både Young og Ulstein trur interessa for prosjektet vil vare ved, og håpar dei skal kome i mål med ein salsprosent på 60 innan kort tid, slik at spaden kan stikkast i jorda.