- Du kødda?

Tore Rantapelkonen ville ikkje heilt tru det var sant då butikkesjef Tom Lund ved Elkjøp i Saunesmarka ringte han opp for å fortelje han at han hadde vunne ein 75 tommars smart-TV til ein verdi av 45.000 kroner. Eller 44.995 kroner som ein gjerne kallar det i butikkbransjen.

Uansett. Vinnaren frå Hareid vart i alle fall jublande glad for premien som vart trekt ut mellom alle dei som i løpet av måndag 15. januar hadde handla og lagt att ei kvittering for kjøpet ved den nye Elkjøp-butikken i Saunesmarka.

Kjøpet av ein ny ladekabel til mobiltelefonen synte seg dermed å vere ei lønsam investering for hareidsmannen.

LES OGSÅ: Lefdal og Elkjøp slår seg saman

- Eg har vore på jakt etter ny TV ei stund, så dette var midt i blinken, seier Tore Rantapelkonen. No kan han oppgradere frå sin noverande 65 tommar store TV til ein 75 tommar.

Lotteriet var ein del av markeringa av at Lefdal no har blitt Elkjøp og smart-TVen var berre ein av mange premiar som vart trekt ut i løpet av dagen.

- Det har vore ei hektisk veke. Vi fekk vite at Lefdal skulle bli Elkjøp så seint som 8. januar, fortel butikksjef Tom Lund ved Elkjøp i Saunesmarka.

Natt til søndag vart Lefdal-skiltet over inngangsdøra bytta ut med logoen til Elkjøp og etterkvart som det vårast vil omprofileringa av forretninga skride fram både utvelding og innvendig.

Den raude Lefdal-skjorta er bytta ut med ei mørkeblå Elkjøp-skjorte og eit ditto slips med grøne striper prydar butikksjefen.

- Alle dei tilsette har fått nye skjorter, men eg er litt usikker på om eg skal innføre slipstvang, smiler han.

Han fortel at den første dagen som Elkjøp-butikk har vore hektisk, men morosam.

- Det har vore fantastisk gøy, med veldig mange folk innom dørene. Det som overraskar meg mest er kor mange som har ei meining om at vi har gått over til ei ny elektrokjede, seier Tom Lund.