Norwegian Control Systems (NCS) er eit selskap i Havyard Group. No skal selskapet levere fem komplette automasjonssystem, samt bruløysinga "Concept Bridge" og ein stor elektroprosjekteringspakke til Fjord 1 sine nye ferjer. Dette gjeld fem ferjer som skal gå på ferjesambanda Hareid - Sulesund og Magerholm - Sykkylven.

I ei pressemelding frå NCS går det fram at verdien på kontrakten er på 21 millionar kroner.

"Norwegian Control System leverer, saman med sitt søsterselskap Norwegian Electric Systems, komplette elektropakkar frå «bru til propell», som består av hybride framdriftssystem, bruløysingar, automasjon, batteri og ladesystem og elektro prosjektering", skriv selskapet i pressemeldinga.

NCS skal mellom anna levere eit Ship Performance Monitor-system på alle ferjene. Dette er ei overvakingsprogramvare som skal gjere mannskapet på ferjene meir medvitne om energiforbruket til fartøya.

"Fjord1 har hatt ein leiande rolle innan det grøne skiftet i norsk transportnæring og med desse fem nye ferjene vil de styrke sin posisjon", kan ein lese i pressemeldinga.

- Vi er stolte av å vere leverandør av produkt og løysingar til nye miljøvennlege ferjer. Verda ser mot Norge i forhold til korleis vi elektrifiserer ferjer og annan skipsflåte. Det er viktig for NCS å vise at vi er ein leverandør å rekne med når slike løysingar blir etterspurt i andre marknader som ein følgje av det grøne skiftet. Fornyinga som skjer oå er den mest omfattande vi har sett i norsk ferjehistorie, seier Svein Ove Farstad, sales & bid manager i NCS.