– Det er med stor glede eg i TFO-runden i år kan tilby tildeling av heile 75 nye utvinningsløyve på norsk sokkel. Talet på utvinningsløyve i TFO-tildelinga i år er dermed det største nokosinne i ein konsesjonsrunde på norsk sokkel. Tilgang på nytt, attraktivt areal er ein berebjelke i politikken til regjeringa, seier olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp).

45 av utvinningsløyva er i Nordsjøen, 22 i Norskehavet og 8 i Barentshavet. Til saman får 34 ulike oljeselskap tilbod om delar i éin eller fleire av løyva, og 19 blir tilbode operatørskap. TFO-konsesjonsrundane – tildeling av førehandsdefinerte område – omfattar dei mest utforska områda på norsk sokkel.

Arbeidsplassar

– Vi sikrar med dette eit føreseieleg og høgt nivå på tildelingar av nytt leiteareal til eit breitt mangfald av oljeselskap. Vår tildelingspolitikk dannar grunnlaget for at oljeselskapa kan gjere funna vi treng for å skape aktivitet og lønsame arbeidsplassar, oppnå effektiv ressursforvaltning, høg verdiskaping og finansiering av velferdsstaten, seier Søviknes.

Selskap

Desse selskapa får tilbod om operatørskap (talet på operatørskap i parentes): A/S Norske Shell (2), Aker BP (14), ConocoPhillips (4), ENGIE (2), Faroe Petroleum (4), INEOS (1), Lundin (6), MOL (2), OMV (3), Petrolia (1), Point (2), Repsol (2), Spirit (3), Statoil (17), Suncor (2), Total (3), VNG (2), Wellesley (2) og Wintershall (3).

Desse selskapa får tilbod som rettshavarar (talet på delar i parentes, inkludert delar som operatør): A/S Norske Shell (4), Aker BP (23), Capricorn (4), Concedo (5), ConocoPhillips (7), DEA (5), DNO (10), ENGIE (4), Eni (4), ExxonMobil (2), Faroe (8), Idemitsu (1), INEOS (1), INPEX (1), Lime (1), LOTOS (2), Lundin (14), Maersk (3), MOL (3), OKEA (2), OMV (5), Pandion (2), Petrolia (4), PGNiG (2), Point (10), Repsol (3), Skagen44 (1), Spirit (11), Statoil (31), Suncor (5), Total (3), VNG (8), Wellesley (7) og Wintershall (6).