Slik vil Stordal barnehage sjå ut, som Sporstøl Arkitekter AS og Christie & Opsahl har vunne anbodskonkurransen på. Foto: Skisse/Sporstøl Arkitekter AS.

Den Ulsteinvik-baserte verksemda, som i starten heitte Arkitektfirma Sporstøl, blei starta av Roald Sporstøl og broren Kristian i 1991. I 2016 kunne verksemda feire 25 innhaldsrike år. Det er knappast mogleg å snu seg nokon veg i vårt distrikt utan at ein ser eit bygg som Sporstøl har signaturen sin på.

Sporstøl har heile vegen vore ei stolt familiebedrift, og blant dagens 12 tilsette er det fem blad Sporstøl å finne.

Vikebladet Vestposten møtte i starten av månaden dagleg leiar Bjørnar Sporstøl og sivilarkitekt Ingvill Arhaug Bovill til ein prat kring notid og framtid.

– Vi er per i dag ein fint samansett og dyktig stab. Fire av oss er sivilarkitektar, og vi er også fleire flinke ingeniørar, seier Bjørnar Sporstøl.

– Vi er ein fin miks av fagfolk, menn og kvinner, unge og «tilårskomne», rett og slett. Her er også eit godt og utviklande arbeidsmiljø, seier Ingvill Arhaug Bovill.

Skal utvide talet på tilsette

Sporstøl og Bovill fortel om eit firma som har god oppdragsmengde, og som på grunn av fleire nye og spanande prosjekt ser behovet for å utvide talet på tilsette.

– Vi har mellom 50 og 60 prosjekt på gang til ei kvar tid, og potensialet spesielt nord om Sulafjorden er stort no, og difor ser vi det som naudsynt å sjå etter fleire medarbeidarar. Vi går breitt ut, og ser etter tilsette med god og relevant kompetanse, og gjerne kompetanse frå fleire leirar.

I takt med auka oppdragsmengde, spesielt dei siste åra, har også nedslagsfeltet endra seg. Verksemda har hatt oppdrag frå Sunnfjord i sør til Trøndelag i nord.

– Vi har nok vore noko bundne til regionen vår her på Ytre Søre Sunnmøre, men no ser vi meir og meir opne seg også andre stader i fylket. Til dømes i Haram, på Nordøyane, Finnøy og Ona. Så har også Ålesund opna seg for oss. Det er mykje der vi har oppdraga no, seier Bjørnar Sporstøl og legg til:

– Ei anna utvikling, som ein også til dømes ser innanfor skipsindustrien, er at det blir stadig kortare og kortare tidsfristar på å få ferdig prosjekt.

Har unngått permitteringar

I likskap med resten av regionen har også Sporstøl Arkitekter AS kjent på effektane av utfordrande tider innanfor nettopp skipsindustrien.

– Men vi har klart oss rimeleg bra, vil eg seie. Vi har heldigvis unngått permitteringar. Vi har hatt ein kortare oppdragshorisont, og det har tatt lengre tid å få i hamn nye kontraktar, men vi har likevel hatt nok arbeid, seier Sporstøl.

– Nettopp difor er det viktig at vi no ser etter nye medarbeidarar, i ei tid der det er gode utsikter for oss, seier Ingvill Arhaug Bovill.

Meir inn mot det offentlege

Sporstøl Arkitekter AS er godt kjend for å prosjektere og teikne både mindre og større bustad- og næringsbygg i ulike former. Skulle ein nemnt alle, hadde ein ikkje fått plass til så mykje anna i denne teksten. Men av dei meir kjende kan ein nemne eksempel som Blåhuset, Hareid Group sitt nybygg på Raffelneset, Reitengrenda, Teigane Terasse og fleire bygg for Rome AS, til dømes neste store bustadprosjekt i Ulsteinvik, Bjørndalvegen Park i nettopp Bjørndalvegen.

Verksemda har også gjennom fleire år hatt ein klar strategi på å kome meir inn på offentlege bygg.

– Her ser ein til dømes Haram Tenestehus, med kommuneadministrasjon, legekontor og mykje anna. Eit krevjande og spanande prosjekt, men samstundes eit godt eksempel på noko av vårt varierte arbeidsfelt, seier Sporstøl og Bovill.

Sporstøl Arkitekter AS har også utarbeidd utviklingsplan for Gjermundnes VGS i Vestnes i samarbeid med fylket, og har sikra seg fleire slike prosjekt.

– Vi er godt nøgde med korleis utsiktene er framover, men i denne bransjen er det berre éin ting som gjeld, hardt arbeid, seier dei.

Sporstøl er i gang med prosjekteringa på det nye Haram Tenestehus i Brattvåg, som skal innehalde kommuneadministrasjon og mykje meir. Foto: Skisse/Sporstøl Arkitekter AS.
Blåhuset: Arbeidet til Sporstøl Arkitekter AS kan ein sjå fleire stader i Ulstein og Hareid, dei resterande kommunane på Ytre Søre Sunnmøre, i fleire andre kommunar på Sunnmøre, og så langt sør som i Førde og så langt nord som i Trøndelag. Eit av dei fleire synlege verka til arkitektfirmaet er Blåhuset i Ulsteinvik, som dagleg leiar i Sporstøl Arkitekter AS, Bjørnar Sporstøl og sivilarkitekt Ingvill Arhaug Bovill her har bak seg. Det er også på Blåhuset verksemda har kontorstad. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll
Arkitektfirmaet står mellom anna bak det etter kvart nok så ikoniske nye kontorbygget til Hareid Group på Raffelneset på Hareid. Skisse: Sporstøl Arkitekter AS. Foto: Anne Gry Eilertsen