Det var tyrkiske Hürriet Dalily News som skreiv at Mark Zuckerberg har kjøpt den Kleven-bygde, og Marin Teknikk-designa (MT5006) yachten «Ulysses» frå den newzealandske milliardæren Graeme Hart.

Kjøpte likevel ikkje «Ulysses»

Kjøpesummen var ifølgje avisa, og norske Dagens Næringsliv, som også skreiv om saka, ukjent. Det blei sagt at Mark Zuckerberg hadde fått avslag på eit opprinneleg bod på godt over 100 millionar dollar. Den tyrkiske avisa skreiv at båten truleg blei seld for 150 millionar dollar. Salet skulle ifølgje avisa ha funne stad under Monaco Yacht Show i september i fjor.

Men, no har altså Facebook sjølv kommentert saka til Dagens Næringsliv, og det kjem fram at Zuckerburg ikkje har kjøpt yachten likevel.

– Mark Zuckerberg har IKKJE kjøpt ein yacht, nei, skriv kommunikasjonssjef for Facebook i Norden, Peter Münster, i ein epost til DN.