Satsinga til Harald Bigset, som har ei lang og innhaldsrik fortid innanfor den maritime industrien, ber no verkeleg frukter.

– Denne fyrste kontrakten til Barents Solutions AS er sjølvsagt veldig viktig, og spanande. Vi skal byggje ein snurrevadbåt for Havstein Remøy DA, og den skal leverast i år, seier Bigset til Vikebladet Vestposten.

Frå kontoret hans på Borgstein har han jobba målretta for å byggje opp både Barents Solutions AS, men også Point Offshore AS, som står for designen på den nye snurrevadbåten. Bigset er eigar og dagleg leiar for begge selskapa.

Han fortel at det kan bli fleire kontraktar innan kort tid.

– Vi har mykje på gang, og ser difor føre oss ein større produksjon lokalt på Sunnmøre.

Skal byggje båtar på Fiskå

Barents Solutions AS skal hovudsakleg drive med båtbygging, og til lokalavisa kan Harald Bigset avsløre at lokala der dette blir gjort er sikra, i samråd med Vanylven kommune. For nettopp på grunn av éi signert kontrakt og fleire som nesten er i hamn, må verksemda kome i gong snarast med bygginga.

– Vi skal etablere oss i låghallen på Fiskåholmen i Vanylven, anlegget som Ulstein eigde og dreiv tidlegare, seier Bigset.

Han fortel at Barents Solutions vil basere seg på å byggje båtar som er mellom 8 og 24 meter lange, og maksimalt rundt ti båtar av ulike typar, til ulike marknader, i året.

– Dette blir mindre båtar, i både stål og aluminium, fortel Harald Bigset.

Nøyaktige mål på båten Barents Solutions skal byggje for Havstein Remøy kan ikkje Bigset avsløre, men at den ikkje blir over 15 meter er klart, ut ifrå type og design.

Satsar på lokale leverandørar

Eit viktig og sentralt mål for verksemda har vore å få på plass flest mogleg lokale leverandørar i arbeidet med den aktuelle kontrakten.

– Det er jo ikkje noko problem å byggje ein slik type båt i utlandet, kanskje blir det noko rimelegare, men som regel får ein ikkje like god kvalitet. I tillegg har ein dette med frakt og inspeksjon. Her får vi til eit kvalitetsprodukt ved å nytte lokale kvalitetsleverandørar. Dette vil også skape aktivitet og arbeid lokalt. Eg har gått gjennom bestillingslista vår, og den viser at vi berre har éin veldig liten komponent som vi får frå utlandet. Difor kan me eigentleg seie at dette er eit hundre prosent norsk produkt, seier Bigset.

Vil rekruttere lokale fagfolk

Prosessen med å flytte over Barents Solutions AS til Fiskåholmen er allereie i gang, og selskapet er i ein prosess med å få fatt i dyktige og lokale fagfolk som kan byggje båtane.

– Forhåpentlegvis kan vår etablering på Fiskå gje arbeid til nokre av dei som har vore permitterte der. Ein liten bøyg er at vi treng folk med kompetanse på aluminium, men vi skal nok finne gode løysingar, seier Harald Bigset.

I starten ser han føre seg ein 6 til 8 tilsette i sving i produksjonslokala.

– Det er behov for arbeidsplassar i Vanylven av denne typen, og det er noko vi har fått klare signal på av kommunen. Vanylven kommune har tatt oss i mot med opne armar, og heile prosessen har vore svært god, seier han.

Referanseprosjekt

I og med at dette er fyrste prosjektet, meiner Bigset at ein må vere fokuserte på god produksjon frå starten av.

– Dette blir vårt fyrste prosjekt, og det blir jo på mange måtar eit referanseprosjekt. Vi har ein god og kravstor kunde, som samstundes er løysingsorientert. Vi gler oss til å byrje å bygge, seier Harald Bigset til slutt.

Harald Bigset har held her ei utskrift av biletet du ser nedanfor, av snurrevadbåten selskapet han er dagleg leiar for, Barents Solutions AS, skal byggje for Havstein Remøy DA. Dette er fyrste kontrakten for selskapet, og båten er designa av Point Offshore AS, eit selskap som Harald Bigset også eig og driv. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
I låghallen på Fiskåholmen i Vanylven skal Barents Solutions AS byggje mindre båtar for ulike reiarlag innanfor det marine og maritime. Foto: Arkiv.