Dei 80 meter lange og 16 meter breie trålarane Cuxhaven og Berlin blei overlevert frå Myklebust Verft i fjor haust og vinter til Deutsche Fischfang-Union GMBH & Co. KG.

Fartøya vart døypt i Cuxhaven sist veke. Trålarane er av Rolls-Royce-design.

- Rapportane frå første rundane med fiskeri er svært gode, og vi ønskjer reiarlag og fartøy hell og lukke, skriv Kleven på si eiga Facebook-side, der dei også har lenkja til ein video frå dåpen.