Det er Den Internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) som har innført dei nye reglane som skal gjelde frå november 2017.

– Vi vil sjølvsagt ha best mogleg sikkerheit, men dette kan tvert om auke arbeidspresset, seier leiar i Norges Fiskarlag Kjell Ingebrigtsen til NRK.

Ingebrigtsen siktar til at ein fiskar aldri veit kva tid arbeidsdagen er over.

– Ein må trekke det bruket som er der. Ein kan ikkje stå og kike på klokka og seie at no må ein legge seg, seier han.

Også fiskar Stig Oldeide uttrykkjer frustrasjon over dei nye reglane overfor NRK.

– Når du fiskar så kan ikkje du berre drage opp reiskapen og gå og legge deg, seier han.

Yngve Folven Bergesen i Sjøfartsdirektoratet meiner derimot at dei nye reglane er fornuftige.

– Fiskaryrket er eitt av dei farlegaste yrka. Når folk jobbar lenge, blir ein trøytte og mindre merksame. Ein skal kvile for å vere trygg, seier han til statskanalen.