Seks fartøy som er bygde ved det kinesiske verftet Cosco Guangdong i Kina skal no utstyrast med energisystem og batteripakkar frå Rolls-Royce Marine. Det går fram av ei pressemelding frå Rolls-Royce.

Dei seks offshore-fartøya har blitt liggande i opplagg ved verftet, men gjennom eit nytt samarbeid mellom SEACOR Marine Holding og China Cosco Shipping Group. Det nye selskapet har til saman teke over åtte fartøy.

Dei nye eigarane har ein ambisjon om at ein gjennom den miljømessige oppgraderinga skal få fartøya raskt ut i arbeid.

– Vi gler oss til å ssjå desse flotte fartøya blir tatt ut av opplag og investert i for framtida. Det er topp moderne skip, og vi har sterk tru på den nye energiløysinga. Det er ei oppgradering som er god for både lommeboka og miljøet, og vi trur at eigarane posisjonerer seg godt for nye offshoreoppdrag med dette grepet, seier Ronny Pål Kvalsvik i Rolls-Royce Marine i pressemeldinga.