Offshorefartøy blir vurdert for å reinse havet for plast

Positiv Toppsjef Njål Sævik i Havila Shipping er positiv til forslaget om å la offshorefarty samle inn plast, så lenge finansieringa er på plass.  Foto: illustrasjon

Næringsliv

Eit stortingsfleirtal støttar Aps forslag om å finne ut om offshorefartøy kan setjast inn for å samle plast i havet.

Rundt 130 offshorefartøy ligg i opplag i Noreg. Arbeidarpartiet vil be regjeringa vurdere om denne ledige flåten kan takast i bruk, skriv Dagens Næringsliv. Ifølgje avisa er både Venstre, KrF, SV og Sp positive til forslaget og vil venteleg sikre fleirtal for dette.

– Det blir anslått at det hamnar åtte-ni tonn nytt plastavfall i sjøen kvar einaste dag. Vi må reinse opp, men også bremse bruk og forsøpling på land før plasten hamnar i havet, seier SVs Lars Haltbrekken.

Toppsjef Njål Sævik i Havila Shipping er positiv til forslaget, så lenge finansiering er på plass.

– Med ein dagrate på 100.000 kroner er dette av interesse dersom andre kostar den ekstra utrustinga, seier han. Rederiforbundets direktør Harald Solberg meiner maritim næring kan bidra på fleire måtar, men også han peikar på behovet for ein marknad som kan betale.

Ap vil finne ut om fartøya kan byggjast om til eit slikt prosjekt, og samtidig sjå på moglegheita for handtering av plast om bord i fartøya eller tilgang til landanlegg. Partiet er mindre konkret om prisen på plastoppsamlinga – og om kven som skal betale.