Nordkoreanske slavearbeidarar bygde skrog bestilt av norsk verft

Eit skip levert av det norske verftet Havyard i 2016 hadde skrog bygd av nordkoreanske slavearbeidarar for ein underleverandør i Polen, viser ein rapport.
Næringsliv

Havyard fekk bestillinga frå det danske reiarlaget Esvagt i 2014. Verftet gav det polske verftet Nauta i oppgåve å byggje skroget til skipet Esvagt Njord.

Der skal 19 nordkoreanske slavearbeidarar ha vore med på å byggje skroget. Det kjem fram i ein rapport frå det polske arbeidstilsynet, som den danske avisa Berlingske har fått tilgang til via Vice.

– Vi har aldri høyrt om eller tenkt på moglegheita for at det kunne vere nordkoreanarar eller andre arbeidarar på Nauta som vart utsette for ulovlege arbeidsforhold, skriv direktør Frank-Levi Kvalsund i Havyard i ein e-post til avisa.

Vidare skriv han at selskapet heller ikkje i konstruksjonsfasen registrerte kritikkverdige arbeidsforhold. Dette er noko dei først er blitt gjort merksame på gjennom media.

– Vi ønsker prinsipielt ikkje å dra nokon konklusjonar med omsyn til fakta i denne saka, men ein eventuell bruk av ulovleg arbeidskraft vil vere i strid med våre krav til underleverandørar, skriv Kvalsund.

I 2016 sa dåverande næringsminister Monica Mæland (H) at Noreg vil krevje skjerpa kontroll av arbeidsforholda når norske skip skal byggjast ved verft i Polen.

Fråsegna kom etter at Teknisk Ukeblad avslørte at ei rad norske skip kan knytast til nordkoreanske arbeidarar ved Crist-verftet i Gdynia. Ein innleigd nordkoreansk arbeidar døydde mens han jobba under det som vart kalla som slaveliknande forhold på eit norsk skip i 2014.