Skal byggje båt nummer to for Acta Marine:

Ulstein skal byggje nytt havvindskip

Acta Marine, som for tida har eit fartøy under bygging ved Ulstein Verft, har skrive kontrakt på eitt til.

Havvindskipet Acta Auriga er for tida under bygging ved Ulstein Verft.   Foto: Ulstein Group.

Acta Marine har inngått avtale med Ulstein Verft om å bygge eit nytt CSV-fartøy. Frå venstre Rob Boer (Acta Marine) og Kristian Sætre (Ulstein Verft).   Foto: Ulstein Group.

Næringsliv

Skipet er eit såkalla ‘DP2 walk-to-work (W2W) konstruksjonsstøttefartøy for offshoreindustrien, og av designet SX195 frå Ulstein Design & Solutions.

- Det første skipet vårt ved Ulstein Verft, Acta Auriga, skal snart på prøvetur, og vi er svært nøgde med framdrifta av prosjektet. Det at vi no kjem tilbake til Ulstein Verft med ein ordre på eit søsterskip er eit sterkt signal om at vi verdset verftet si evne til å levere kvalitet og til avtalt tid, noko som er svært viktig for oss som skipseigar og for kundane våre. Vi er overtydde om at Acta sine SX195-fartøy vil føre til høgare effektivitet i logistikkoperasjonar offshore, og på den måten reduserer den totale kostnaden med å byggje vindfarmar og også bidreg til ei høgare oppetid i etablerte offshorevindfarmar, seier Rob Boer, administrerande direktør i Acta Marine, i ei pressemelding frå Ulstein Group tysdag ettermiddag.

Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group, er godt nøgd med at verftet har teikna nok ei kontrakt med selskapet.

- Acta Marine er godt posisjonerte innan havvind og offshore olje og gass. Første gong dei var i kontakt med oss, utfordra dei oss i å designe eit svært fleksibelt og kompakt fartøy med høg kapasitet som kunne vere lenge ute i feltet. Dette fartøyet er snart ferdigstilt. Vi gler oss til å samarbeide med Acta Marine igjen for å få fram endå eit nytt og moderne konstruksjonsstøttefartøy (CSV) med walk-to-work-funksjonar, seier Ulstein.

Fartøyet, som skal ha innreiing for 120 personar og som blir 93,4 meter langt og 18 meter breitt, er planlagt for levering i andre kvartal 2019.

Acta Marine fekk nyleg eit toårig oppdrag for det første skipet sitt, Acta Auriga, som no er under bygging ved Ulstein Verft. Dette skal jobbe på havvindparken BARD Offshore 1 utanfor Tyskland.