HRG Nordic vann storkontrakt med Rolls-Royce

Samstundes tek dei over G Travel Ulsteinvik.

Bjørn Klubbenes er dagleg leiar for reisebyrået som held til på Stålhaugen. Frå 5. februar vart verksemda ein del av HRG Nordic, som nyleg vann ei stor kontrakt med Rolls-Royce.  

Næringsliv

HRG Nordic tek over G Travel Ulsteinvik frå 5. februar. Det går fram av ei pressemelding frå HRG Nordic. Dette skjer samstundes som at HRG Nordic har vunne ei stor, internasjonal kontrakt med Rolls-Royce. Tidlegare er det G Travel Ulsteinvik som har handtert reiseverksemda til Rolls-Royce i Norge.

– Dette er ei stor og viktig hending for HRG. Rolls-Royce vil bli ein av våre største kundar i Norge, og avtalen vil skape aktivitet i heile vårt internasjonale nettverk, seier Christer Nordlund, europasjef i HRG-konsernet i pressemeldinga.

Som følgje av den nye kontrakten med Rolls-Royce tek selskapet også over heile G Travel Ulsteinvik.

– Det sit mykje god kompetanse i det tidlegare «Viking Reisebyrå» i Ulsteinvik, eit byrå som i dag tel om lag 25 årsverk. HRG Nordic har god kundetilgang for tida, difor er det veldig bra å få fleire dyktige medarbeidarar på laget, seier HRG sin Norges- og Nordensjef, Mattias Andersson.

Andersson legg til:

– Vårt mål er å utvikle dette miljøet til å bli ein integrert del av HRG-familien på Vestlandet, som allereie inkluderer kontor i både Bergen, Haugesund, Stavanger og Ålesund. Det blir vinn-vinn for både kundar og medarbeidarar.

Ei tillitserklæring

Bjørn Klubbenes er dagleg leiar i verksemda som held til på Stålhaugen.

– Vi er veldig glade for å kunne ta dette steget. At ein stor, global aktør som HRG vil satse på vårt distrikt og vårt byrå ser vi på som ei tillitserklæring. Vi er overbeviste om at HRG vil styrke byrået framover, det gjeld både på tekniske løysningar og som ein del av eit internasjonalt nettverk, seier Klubbenes i pressemeldinga.

Der går det også fram at verksemda i Ulsteinvik vil halde fram med same leiing, stab og lokalitetar som tidlegare.