Blir banksjef i Ulsteinvik

Ellen Kvalsund går frå Kleven til Sparebanken Møre.

Ellen Kvalsund har vore kommunikasjonssjef i Kleven dei siste åra. No skal ho over i stillinga som banksjef for personmarknaden i Sparebanken Møre Ulsteinvik. Foto: Marius Beck Dahle 

Næringsliv

Etter sju år som kommunikasjonssjef i Kleven skal Ellen Kvalsund no over i rolla som banksjef for personmarknaden i Sparebanken Møre i Ulsteinvik. Det går fram av ei pressemelding frå Sparebanken Møre.

– Ellen har lang næringslivserfaring og brei kjennskap til det som rører seg i Ulstein. Ho er marknadsorientert og framoverlent, noko som er viktig i eit område der Sparebanken Møre har klare vekstambisjonar i åra framover. Vi har stor tru på at Ellen vil leie det sterke laget vårt i Ulsteinvik på aller beste måte vidare, seier Elisabeth Blomvik i pressemeldinga. Ho er Sparebanken Møre sin leiar for Personmarknaden.

Kvalsund skal inn i den nye stillinga frå 1. april.

– Dette var ei moglegheit eg ikkje kunne takke nei til. Sparebanken Møre er den største banken i Møre og Romsdal, med ein klar strategi om vekst og utvikling. Den desentraliserte strukturen tiltalar meg, og det faglege nivået på rådgjevarane er høg. Vi har alle føresetnader for å vekse vidare og ta ein endå sterkare posisjon i Ulstein i åra som kjem, seier Kvalsund i pressemeldinga.

Der skriv også Sparebanken Møre at deira foreløpige årsresultat for 2017 viser ein vekst i personmarknaden på 7,2 prosent.

– Det er sterk konkurranse om bankkundane, men veksten bekreftar at Sparebanken Møre er attraktiv og konkurransedyktig. I tillegg er banken ein sterk bidragsytar til utvikling av lokalsamfunnet gjennom støtte til gode formål. Engasjementet er tufta på både nærleik til de som bor her og bankens soliditet, og eg gleder meg til å bygge vidare på det solide grunnlaget som allereie er lagt, seier Kvalsund.