Det Kleven-bygde skipet Maersk Master vart kåra til årets ”Offshore Support Vessel of the Year” under Offshore Support Journal Conference & Awards (OSJ) i London denne veka. Det er Salt Ship Design som har teikna fartøyet. Så seint som sist veke vart det tredje fartøyet Kleven har bygd for Maersk døypt ved kaia på Kleven.

Under same utdelinga vart Kjersti Kleven tildelt ”Lifetime Achievement Award”.

Etter å ha tatt imot prisen sa Kleven at det er ei utfordrande tid for skipsindustrien, men at det var oppmuntrande å få prisen og at ho er optimistisk for framtida.

– Eg trur på skipsbygging i Europa og eg er har sterk tru på dei maritime industriane i Europa, sa Kleven ifølgje Offshore Support Journal.

– Havet er vår viktigaste ressurs, og når du skal ta vare på havet, hauste, utforske eller nyte havet, då treng ein skip. Og vi har den maritime teknologien og ferdigheitene for dette både no og for framtida, seier Kleven ifølgje nettstaden.

Kjersti Kleven fekk Lifetime Achievement Award under OSJ-messa i London.