Naboen Restaurant Ulsteinvik opna tysdag etter å ha vore stengt på grunn av oppussing. Refak Ghazi fortel at sjølve restaurantdelen har fått det han meiner er ei heilt naudsynt oppgradering.

- Her har vi gjort om på bort i mot alt. Veggane er måla i varmare, litt koselegare fargar. Møblane er skifta ut, bardisken er det gjort mykje arbeid på. Jau, det har i det heile tatt vore eit skikkeleg "fjesløft" dette, seier Refak.

Den eine sonen til Refak, Rafat, er dagleg leiar for Naboen Restaurant i Ulsteinvik. Den andre sonen, Mostafa, er dagleg leiar for nystarta Naboen Restaurant på Larsnes, i dei gamle lokala til Vika Kro. Eit tilbod som har gjort det bra etter opninga nyleg, fortel Refak.

- Det er ei skikkeleg familiebedrift dette, fortel Refak smilande.

Han fortel at det også har kome på plass ein ny logo.

- Vi har dessutan gjort det slik at dersom ein ringjer oss, så kjem ein til ein sentral der ein blir sendt anten til restauranten i Ulsteinvik eller restauranten på Larsnes. Vi vil gjere det enklare for kundane våre å bestille og booke på rett plass, utan å gå om ein unødvendig omveg, seeir Refak.

Skal pusse opp meir med tida

Det har kome til nokre nye etestadar i Ulsteinvik dei siste åra, og litt over eitt år etter at Ghazi-familien tok over lokala i Snorrebuda, er det framleis godt grunnlag for Naboen Restaurant blant dette mangfaldet.

- Ja, så definitivt. Det er mange stader ein kan ete i Ulsteinvik, men vi satsar på å vere den staden der ein kan finne det aller meste. Som ein del av forandringane vi har gjort, har også menyen fått seg ei skikkeleg overhaling. Den er utvida, og inneheld mykje spanande nytt. Vi trur det er ein fordel at ein har mykje å velje blant, seier Refak Ghazi.

Som også kan fortelje at dei ikkje ser seg ferdige heilt enno. Målinga på det flotte golvet i restaurantlokala har nok så vidt rokke å tørke før ein går laust på neste punkt på oppussingsprogrammet. Refak fortel at også bar- og danselokala i andreetasjen skal få seg ei overhaling. Det er også planar om å lage skikkeleg til eit rom i andre enden av bygget i første etasje, der ein kan halde selskap, større samlingar og anna.

- Det er mykje spanande som skjer, og vi gler oss til fortsetjinga, seier Refak Ghazi til slutt.

Refak Ghazi i dei nyoppussa lokala til Naboen Restaurant Ulsteinvik. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.
Alle møblane er bytta ut med splitter nye. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.