Marine Harvest fekk eit operasjonelt driftsresultat på 181 millionar euro i fjerde kvartal. Fjoråret vart det beste i historia, men no skal det kuttast.

Kvartalsresultatet er svakare enn i same periode i 2016, men totalt i 2017 oppnådde selskapet eit driftsresultat på heile 792 millionar euro, noko som er det sterkaste årsresultatet selskapet har levert nokosinne.

Selskapet melder også om rekordhøge inntekter i fjor, med ei omsetning på over 3.645 millionar euro for heile 2017 og på 1.010 millionar euro i fjerde kvartal.

Trass i det gode resultatet er konsernsjef Alf-Helge Aarskog bekymra for utviklinga i laksenæringa, og varslar at selskapet vil kutte kostnadar.

– 2017 var eit veldig bra år for Marine Harvest finansielt, og eg er stolt av innsatsen alle Marine Harvest-tilsette har lagt ned for å oppnå dette. Eg er likevel bekymra for aukande kostnader og utfordrande biologiske forhold. Vi har derfor sett i verk eit globalt kostnadskuttprogram, med mål om å spare 50 millionar euro. Vi forventar å gjere innsparingar i alle delar av organisasjonen, seier Aarskog i ein kommentar.

Resultatet etter skatt vart berre 28,2 millionar euro i fjerde kvartal, mot 210,9 millionar euro i same periode i fjor. Det er spesielt høge avskrivingar på 101,7 millionar euro som svir for selskapet.

I kvartalet slakta selskapet 112.628 tonn fisk, opp frå 99.634 tonn i same periode i fjor. Lågare prisar førte likevel til at Marine Harvest Norways driftsresultat per kilo berre vart 1,77 euro, ned frå 2,70 euro i fjor.