Med eit par tut i fløyta helsa den over 50 år gamle M/S «Lofoten» nykomlingen M/S «Roald Amundsen velkomen til sjøs. M/S «Lofoten» er det eldste hurtigruteskipet i flåten, bygd ved Aker Mek i 1964, og på veg nordover frå Bergen hadde båten tilpassa ruta slik at det vart tid til å ta ein liten tur innom Lyngnesvika for å oververe sjøsetjinga av hurtigruteflåten sin ferskaste tilskot, M/S «Roald Amundsen.

– Sommarfuglane i magen var på plass. Det er alltid like spennande å vere med på desse sjøsetjingane, sjølv om eg har vore med på over hundre av dei, seier Ole Kristensen som er prosjektdirektør ved Kleven Verft og har overoppsynet med alle byggjeprosjekta som er i sving ved verftet.

Han fortel at dei aldri har sjøsett ein båt med større volum før, men at sjølve sjøsetjinga gjekk knirkefritt.

Utan store fakter

Det var direktøren for maritime operasjonar ved Hurtigruten, Tor Geir Engebretsen, som fekk æra av å løyse ut festa som heldt skroget fast til beddingen. Utan store fakter kom det rundt 7500 tonn tunge og 140 meter lange skroget i rørsle og glei elegant forbi dei mange frammøtte og ut i vika. Det er stort vindfang i det nye skipet og det bles friskt ute på sjøen, men to taubåtar hadde kontrollen på stålkjempen.

Skroget til M/S «Roald Amundsen» kom på plass i beddingen sist november.

– Neste fartøy som skal i beddingen no er det siste Mærsk-skipet av serien på seks fartøy. Deretter er det tid for det neste ekspedisjonsskipet for Hurtigruten, fortel Kristensen.

Søsterskipet til M/S «Roald Amundsen» får namnet «M/S «Fridtjov Nansen». Kleven har også opsjonar på to ekspedisjonsfartøy til.

Modulane til den siste Mærsk-ankerhandteraren ligg spenna klar ved sida av beddingen i påvente av sjøsetjinga av M/S «Roald Amundsen».

I jobb

Tre av Mærsk-skipa er allereie sett i arbeid og det første skipet i serien, «Maersk Master», vart elles heidra med utmerkinga «Året skip» under Offshore Support Journal Conference & Awards (OSJ) i London nyleg.

Dei to siste Mærsk-båtene ligg ved Kleven for utrusting.

All utrusting av M/S «Roald Amundsen» vil også skje ved Kleven. Etter planen skal fartøyet overleverast i 2018 og søsterskipet M/S «Fridtjov Nansen» neste år.

Det er elles Rolls-Royce Marine, i samarbeid med den norske yachtdesignaren Espen Øino, som står bak designet på  dei nye skipa.

Ekspedisjonsskipa, som for øvrig er verdas første hybriddrivne ekspedisjonsskip, vil ha  265 lugarar og plass til 530 passasjerar.

Det vert i alt ni dekk og i følgje prosjektdirektør Ole Kristensen vil interiøret få eit svært moderne preg, basert på skandinavisk design.

Fartøyet er konstruert for å kunne gå i arktiske farvatn, men skal også kunne gå i trafikk langs norskekysten.