MS Roald Amundsen skal ta med gjester mellom anna til Antarktis, Svalbard, Alaska, gjennom Nordvestpassasjen i fotspora til Roald Amundsen og på ekspedisjonsseglingar langs norskekysten.

Skipet skal stå ferdig vinteren 2018. Kleven Verft er også i gang med søsterskipet MS Fridtjof Nansen som skal vere ferdig i 2019.

Plass til 530 gjester

Skipet blir utstyrt med store batteripakkar og er verdas første hybriddrivne ekspedisjonsskip. Rune Thomas Ege, kommunikasjonssjef for Hurtigruten, fortel at skipet er spekka med miljøvenlege løysingar og grøn teknologi.

– Eg står om bord i skipet no, det ser veldig flott ut, seier han på telefon til Vikebladet Vestposten fredag ettermiddag.

Om bord vil det vere spesialbygd ekspedisjonsutstyr (inkludert undervassdronar), eit eige forskingssenter, fleire restaurantar og store utedekk der gjestane kan nyte den spektakulære naturen der skipa seglar.

På skipet blir det også eit oppvarma basseng, der den eine veggen er av glas, så dei reisande kan bade medan dei kan nyte utsikta.

Det blir plass til 530 gjester på MS Roald Amundsen. I tillegg blir det plass til eit mannskap på 151. Det er til saman 265 lugarar på kvart skip.

Besøk av hurtigruta

Under sjøsettinga vil nordgåande hurtigruteskip, MS Lofoten, liggje i vika utanfor Kleven. Dermed får gjester og mannskapet på Hurtigruten sitt eldste skip oppleve det historiske augeblikket der selskapet sitt nyaste skip får vatn under kjølen første gong.

Ope for alle

Ellen Kvalsund, kommunikasjonssjef I Kleven, seier at alle som er interesserte er velkomen til beddingen for å vere med på sjøsettinga.

Denne gongen blir det ikkje høve til å gå om bord i skipet. Markeringa går føre seg på beddingen på Kleven.