(Møre-Nytt): Marknadsføringa av forbrukslån uroar sjefane i den lokale sparebanken.

– For tida er det er svært aggressiv marknadsføring av forbrukslån frå ikkje -tradisjonelle banker. Men folk med normal løn må hugse på at låna ikkje skal bli veldig store før det vert ei stor utfordring å betale dei tilbake, seier Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Eit forbrukslån på 500.000 kroner svarar til eit bustadlån på 5 millionar i månadlege renter og avdrag.

– Har du tatt opp eit forbrukslån på 500.000 kroner må du ut med 16.000 i månaden. Og 8.000 kroner er renter, sidan effektiv rente gjerne ligg rundt 20 prosent. Kor mange har 16.000 kroner ekstra i månaden, seier Per Olav Opsal, som er banksjef for økonomi og finans i sparebanken.

Fryktar økonomiske tragediar

Når forbruksgjelda tyngjer opplever den lokale sparebanken at kundane kjem til dei, men i seinaste laget.

– Dei fleste kjem seint inn til oss når problema oppstår. Då vert det verre å kunne hjelpe dei med å rydde opp. Ofte veit ikkje den eine parten i eit parforhold kva gjeld den andre har. Eg fryktar at høg forbruksgjeld kan føre til familietragediar, seier Stig Brautaset.

Hans råd er klart.

–Ta ikkje opp dyre forbrukslån. Og om du gjer det og får problem: Ta kontakt med banken din så snart som råd.

Men elles er banksjefane lite urolege for kundane, anten det er personkundane eller næringslivet.

– Store delar av næringslivet går svært godt. Ikkje minst er det gode tider for eksporten, med låg kronekurs. Og i bustadmarknaden er det stabile utvikling. Vi ser ikkje noko til dei bobletendensane som har vore i Oslo, seier Stig Brautaset.

Kva så med renteutviklinga? Heller ikkje her er det skakande hendingar på gang, meiner sjefane i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

– Det er ikkje utenkjeleg at renta går opp eit lite knepp, det vil seie 0,25 prosentpoeng, i løpet av året, men det vil ta fleire år før det vert ein vesentleg renteoppgang. Likevel er perioden med ekstremt låge renter over, seier Stig Brautaset.

Denne artikkelen vart fyrst publisert av Møre-Nytt.