Etter tre år med fall i investeringane ser det dermed ut til at pila igjen vil snu, ifølgje SSBs kvartalsvise investeringsteljing. Ifølgje undersøkinga planlegg olje- og gassindustrien å investere for 160 milliardar kroner i inneverande år, dryge 11 milliardar kroner meir enn i 2017 og 16 milliardar meir enn anslaget frå november i fjor.

Oljeselskapa anslår no at det vart investert for 149 milliardar kroner i 2017, eit fall på 9,5 prosent frå året før.

For både olje og gass, og industri, bergverksdrift og kraftforsyning blir investeringane i 2018 anslått til om lag 226 milliardar kroner, ein vekst på over 10 prosent. Det er særleg investeringsveksten i olje og gass som bidrar til oppgangen.

Innan kraftforsyning var det eit rekordhøgt investeringsnivå i fjor. Auken var på 20 prosent frå 2016 og kom opp i 31,4 milliardar kroner. Ifølgje SSBs undersøking kjem investeringsauken av installering av smarte straummålarar, og vidare oppgradering av kraftnettet. Investeringsanslaget for 2018 er på heile 41,2 milliardar kroner.

Industriinvesteringane fall i 2017 med 7,7 prosent til 21,4 milliardar kroner, i hovudsak innan oljeraffinering og kjemisk og farmasøytisk industri. I 2018 reknar ein med at det vil vere ein investeringsvekst på 12 prosent.