Det er ei kjent sak at Idar Ulstein var ei drivande kraft bak realiseringa av Eiksundsambandet, saman med primus motor og tidlegare mangeårig styreleiar i Eiksundsambandet, Knut Nærø. Dottera Gunvor har med andre ord tatt opp arven etter faren på fleire vis. Konsernsjefen i Ulstein Group er nemleg også styreleiar i Hareid Fastlandssamband (Hafast) på åttande året.

Når Eiksundsambandet no fyller ti år, er det fleire tankar Gunvor Ulstein gjer seg, både om fortida, notida, og ikkje minst, framtida.

– Faderen hadde mykje å seie for realiseringa av Eiksundsambandet, då han var ein markant leiar i regionen. Han fekk Farmandprisen i 1984, og var blant Nordens fremste leiarar. Utover på 1980- og 1990-talet, då det blei jobba mykje med ulike samferdselsprosjekt, var han ein viktig bidragsytar. Eiksundsambandet blei prioritert først, og dermed blei Hafast, som den gongen var eit starta prosjekt, sett på vent. Eg hugsar faderen fortalde meg at han hadde snakka med i alt 12 samferdselsministrar før han og dei andre pådrivarane bak Eiksundsambandet fekk grønt lys, seier Gunvor og smiler.

Ho meiner tospannet Knut Nærø og far Idar var ein slagkraftig duo, som i samspel med fleire andre, fekk til eit av Noregshistoria sine med ambisiøse samferdselsprosjekt. Eit prosjekt som mellom anna førte til bygginga av verdas djupaste havgåande tunnel, Eiksundtunnelen (287 muh.).

– Eit slikt prosjekt er heilt avhengig av pådrivarar som Knut. Men han hadde nok ikkje klart seg utan tonesettande næringslivsleiarar i regionen, som faderen. Ein av grunnane til at det til slutt losna, og at ein fekk gjennom prosjektet, var at også Ålesund sa dei ønskte å støtte det. Vi ser også i dag, at dess større fundament, dess fleire som støttar eit prosjekt, i tillegg til at ein er einig i kva som skal gjerast først, dess vanskelegare blir det for sentrale politikarar å leggje vekk eit slikt prosjekt. Då Ålesund kom med, fekk ein tyngda ein trengde for å få det gjennom, seier Ulstein.

Ein meir samla region

Gunvor Ulstein fortel at hovudgrunnen til at faren Idar var med på samferdsel var at han ønskte ein større bu- og arbeidsmarknadsregion. Noko Gunvor også sjølv har eit brennande ønskje om. Ho meiner mykje har skjedd på dei ti åra sambandet har vore i drift.

– Skal ein kunne utvikle bedrifter, utvikle samfunna og sikre betre kommunikasjonsvegar er ein heilt avhengig av ein samla region. Med tilknytinga til kommunane innanfor fekk dei industritunge kommunane her ute eit betre samspel med høgskulemiljøet i Volda, sjukehuset, flyplassen og andre tenester og tilbod.

Det har også til dømes ført til at fleire har valt å busetje seg i Ulstein og Hareid, då det er fleire jobbmoglegheiter no, innanfor passeleg avstand. Jakta på dei beste hovuda er tøff, men den blir enklare dess betre samferdselstilbod vi har. Eg trur at effekten vi har sett av Eiksundsambandet gjennom desse ti åra berre vil forsterke seg den dagen vi får på plass Hafast over Sulafjorden, seier Gunvor Ulstein.

– Må brette opp ermane

Gunvor meiner at jobben som har blitt gjort med å klare å få E39 over Hareidlandet er viktig, og er overtydd om at Hafast kjem på plass om ikkje så alt for mange år. Med signala frå regjeringa og tilbakemeldingane frå Statens vegvesen, trur Hafast-styreleiaren på byggjestart i 2023.

– Eg er nok litt utolmodig når det gjeld Hafast, men det er fordi eg ønskjer dette så sterkt. Vi må brette opp ermane, og stå på for å få til dette viktige samferdselsprosjektet, som vil knyte oss til den viktige bu- og arbeidsmarknadsregionen nordover. Dette er det viktigaste prosjektet for at vår region skal kunne utvikle seg vidare. Hafast er omtalt i Nasjonal Transportplan-samanheng, noko som er viktig og utløyser prosjektmidlar, og fleire instansar er alt i gang med å greie ut den vidare prosessen. Statens vegvesen ligg i rute til å starte opp bygginga i 2023. Kanskje har vi fått på plass eit nytt og viktig samband før 2030? Det hadde vore utruleg bra, seier Gunvor Ulstein til slutt.

Her sit primus motor Knut Nærø (t.v.) og Idar Ulstein og nyt eit rjomegrautmåltid i Eiksundtunnelen, like før førstnemnde fyrte av siste salven, 2. februar 2007. Dei to blir beskrive som heilt essensielle for at Eiksundsambandet ein dag skulle bli ein realitet. Foto: Arkiv/Ingvild Aursøy Måseide.