– Selskapet har lagt bak seg eit rekordgodt 2017. Faktisk har Jets aldri tent meir pengar enn ein gjorde i fjor. Det er sjølvsagt gledeleg for dei tilsette, for eigarane, for leverandørane våre og for lokalmiljøet kring oss, fortel konsernsjef Øyvind Tørlen.

Det er for tidleg å frigje nøyaktige tal på kor godt det gjekk i fjor, men det blir jobba for å presentere tala snarast råd. Tala må også styrehandsamast først, fortel Tørlen.

Klar vekststrategi

Jets har ein klar vekststrategi, fortel konsernsjefen til Vikebladet Vestposten.

– Vi har som ambisjon at selskapet skal bli større. Då satsar vi målretta på fleire område, og tilsetjingane vi gjer no er i all hovudsak eit ledd i denne satsinga. Til ei viss grad er det også erstatningar for ressursar som forlét selskapet, seier Tørlen.

Det skal tilsetjast ein ny salssjef innanfor segmentet supermarknad.

– Det er ei rein satsing innanfor ein marknad som for oss allereie er av internasjonal karakter.

Også innanfor byggsegmentet skal verksemda oppjustere, og der ser Jets etter to VVS-ingeniørar eller tilsvarande.

– Det gjer at vi kan vere med på å prosjektere bygg og utbyggingar frå ein tidlegare fase, slik at vår type sanitærsystem kan vere ei løysing, til det beste for miljøet og mykje anna, seier Tørlen.

Han fortel at det også skal satsast meir på støttefunksjonane kring produktforvaltinga, med to systemansvarlege. Innan ettermarknaden skal Jets tilsetje ein serviceingeniør.

– Dette gjer oss i stand til å støtte den veksten vi forventar kjem.

Vekstmål

Øyvind Tørlen fortel at overordna vekstmål for verksemda er sett, då det både er ny konsernsjef på plass og nye eigarar i form av Stokke Industri AS, som kjøpte aksjane til Gjerde-familien.

– Vekstmåla våre for dei neste fem åra tilseier ein betydeleg vekst, minst like mykje som vi har gjort den siste femårsperioden. Jets har fleire bein å stå på, og det er imponerande å sjå kva selskapet har fått til før eg kom på plass. Eg har fått ansvaret for ein solid organisasjon, seier Tørlen til slutt.