(Sunnmørsposten):

Bustyrar Viggo Scherger har førebels ikkje oversikt over kor mykje dei samla lønnskrava etter konkursen i selskapet BSR Group vil kome opp i.

– Det strøymer på med lønnskrav kvar dag og vi ventar mange fleire. Hittil har vi motteke 94 krav som utgjer meir enn sju millionar kroner, opplyser Scherger til Sunnmørsposten.

Har kontakta 178 tilsette

Det Oslo-registrerte firmaet hadde truleg meir enn 150 polske tilsette då det vart opna konkurs i selskapet i starten av februar. Til saman er 178 personar kontakta og gitt informasjon om moglegheitene for lønnsgaranti.

– Berre eit fåtal av lønskrava er behandla og kva det samla kravet som skal innstillast overfor NAV lønnsgaranti vil utgjere, er for tidleg å seie, ifølgje Scherger.

Vikebladet Vestposten har tidlegare skreve at arbeidarane då ikkje skal ha fått løn på to månadar. Det samsvarar i hovudsak med kva som kjem fram i den førebelse rapporten frå bustyrar til Oslo tingrett.

Minst seks mill. uteståande

Frå starten av 2017 jobba arbeidarane ved ulike verft – mellom anna Myklebust-verftet til Kleven, Larsnes Mek. Verkstad og Ulstein verft i Ulsteinvik. Selskapet gjorde arbeid med innreiing og ulike installasjonar på skip ved dei lokale verfta som underleverandør for Molde-firmaet R & M Ship Interior AS.

Ifølgje rapporten hadde selskapet kring seks millionar kroner uteståande hos Molde-firmaet. Administrerande direktør Jan Zetterberg i R & M Ship Interior opplyser til Sunnmørsposten at dei har til hensikt å betale, men at dei først vil ha trekt frå sine eigne utgifter i samband med konkursen.

Den direkte årsaka til konkursen, var at oppdragsgivaren slutta å betale etter at dei vart klar over dei økonomiske utfordringane – og manglande utbetaling av løn. Men den bakanforliggande årsaka var ifølgje rapporten svak planlegging og at arbeidet vart prisa for lågt. Planen var at selskapet skulle gjere ferdig eit prosjekt av gangen, men måtte etter kvart jobbe på tre og fire stader samstundes. Det gjorde at kostnadane til tilsette, reiser og overnatting auka langt meir enn inntektene.

Saka var først publisert i Sunnmørsposten