Som ein del av prøvetursprogrammet for Acta Auriga vart fartøyet testa ved maks fart framover og akterover. Som følgje av X-Stern-utforminga av hekken, var akterut fart målt til over 12,5 knop, noko som ifølgje Ulstein underbyggjer fleksibiliteten til dette skipet ved vindfarmen. Den registrerte farta framover oversteig 13,5 knop. Det skriv Ulstein Group i ei pressemelding.

Støy- og vibrasjonsmålingane synte seg også å ligge godt innanfor grensene til den høge komfortklassa på dette fartøyet, skriv Ulstein.

Skreddarsydd for havvind

​Den store krana, gangvegen, tårnet for vare-/personheis og designløysingane X-Bow og X-Stern gir høg yteevne og stor fleksibilitet, god offshorelogistikk og høg komfort for dei opp til 120 personane om bord, melder verfts- og designkonsernet.

- Skipet har også lågt drivstofforbruk.​ Baugforma X-BOW er særleg viktig når skipet skal gå i mote sjø, då ho splittar bølgjekrafta. Dette gjer at fartøyet vil kunne holde fart utan slag frå sjøen og med mindre vibrasjonar. Når skipet står posisjonert ved ein vindturbin eller offshoreplattform, vil kapteinen ofte velje å halde hekken, X-Stern, mot vêret. Dette vil ikkje berre eliminere slag, men fartøyet vil vere i stand til å halde seg på staden med færre thrusterar (propellar) aktive, noko som gir redusert drivstofforbruk. Hovudutstyret frå SMST, som femner om den store, sentralt posisjonerte rørslekompenserte gangvegen, heis for overføring av personell og last, og den 3D-kompenserte krana som kan løfte 6-tonns last, har gjennomgått førebuande testar før prøveturen, og vil bli testa ytterlegare før skipet vert levert, skriv selskapet i pressemeldinga.

Levering om ikkje lengeActa Auriga er av Ulstein sitt SX195-design, og er no tilbake ved Ulstein Verft for sluttarbeidet.

Skipet skal så leverast til Acta Marine. Fartøyet er tildelt ei 2-årig arbeidskontrakt for drift og vedlikehald på havvindparken BARD Offshore 1 utanfor Tyskland.

Skipet har lågt drivstofforbruk og held god fart utan slag frå sjøen, skriv Ulstein Group i ei pressemelding. Foto: Ulstein Group/Marius Beck Dahle.