Dette var tre dagar før kontraktfesta overleveringsdag på CSV/SOV-fartøyet . Høg kvalitet og nettopp leveringspresisjon var avgjerande for Acta Marine då dei valte Ulstein Verft.

Undervegs i bygginga kontraherte Ocean Breeze Energy skipet for vedlikehaldsaktivitetar på havvindparken deira, BARD Offshore 1.

- Dette fartøyet utgjer neste nivå i marknaden, og er skreddarsydd for offshoremarknaden, og særleg innan fornybar energi. Vi er veldig nøgde med prosjektoppfølginga og den tidlege leveringa frå Ulstein. Med dette fartøyet blir mannskapet og klientane om bord tatt godt vare på, og det vil gjere ytinga deira betre. Vi kan knapt vente med å ta skipet ut til havvindparken og sette henne i arbeid, seier Rob Boer, administrerande direktør i Acta Marine.

- Vi veit kor viktig det er å få eit fartøy fullført i tide. Vi har fullført utrustinga av skipet på berre 19 veker, og er sikre på at Acta Auriga vil vere ein god arbeidsplattform for eigaren og klientane deira, seier Kristian Sætre, administrerande direktør ved Ulstein Verft.

Acta Marine har også eit systerfartøy i ordre hos Ulstein Verft, for planlagt levering i andre kvartal 2019.

Acta Auriga byrjar rett i jobb i april, på BARD Offshore 1-vindfarmen. Foto: Foto: Ulstein Group/Uavpic.com