(NPK): Denne veka kom det meldingar om at offshorefartøya får betre betalt for jobben dei gjer. Det er i hovudsak ankerhandteringsskip som har fått betre ratar.

No kjem det tal som syner at marknaden for forsyningsskipa kan friskne til. Årsaka er at offshorereiarlaga ser ut til å ha tatt innover seg at flåten deira må reduserast, skriv E24.

Ifølgje selskapet Vesselsvalue har 43 forsyningsskip blitt tatt ut av drift i år. Det er ein auke på 153 prosent frå første kvartal i fjor. Det amerikanske reiarlaget Tidewater har seld 13 skip til skraphandlaren i år. I fjor skrapa det hardt pressa reiarlaget 16 skip.

Forsyningsskipa fekk lite å gjere i kjølvatnet av oljebremsen. Det ligg i dag 141 norske offshoreskip i opplag, ifølgje opplagsregisteret til Sysla Maritim. Dei første månadane av 2018 har stadig fleire skip forsvunne på skraphaugen, men det er lite truleg at norske skip blir teke ut av opplag, melder nettavisa.