Dersom du har reist med ferja mellom Hareid og Sulesund torsdag er det sjansar for at du fekk med dei svært lange transportane frå Spenncon på Hjørungavåg. Frå torsdag morgon vart det transportert takelement til eit stort lagerbygg verksemda er i ferd med å sette opp for Ålesundsbygg ved Vegsund.

Lagerbygget er på 30 x 90 meter og takelementa som vart transportert frå Hjørungavåg var nærare 30 meter lange.

Ifølgje Bjørn Mork ved Spenncon Hjørungavåg blir det også brukt 94 veggelement i konstruksjonen av bygget. Desse er 2,4 meter breie og heile 12,2 meter høge.

Det er solide dimensjonar på elementa som torsdag blei frakta frå Spenncon Hjørungavåg til Ålesund.