Noreg eksporterte 676.000 tonn sjømat til ein verdi av 23,7 milliardar kroner i første kvartal. Det er ein volumnedgang på 8 prosent og ein verdinedgang på 2 prosent, tilsvarande 488 millionar kroner, målt mot første kvartal i fjor, opplyser Noregs sjømatråd i ei pressemelding.

Klippfisken bidrog likevel til at Noreg sette ny eksportrekord for torsk i første kvartal.

– Dette er det beste kvartalet for torsk nokosinne, med ein samla eksportverdi på over 3 milliardar kroner. Spesielt klippfisk, saltfisk og fersk heil torsk har hatt ein prisoppgang, seier sjømatanalytikar Ingrid Kristine Pettersen i Sjømatrådet.

Noreg eksporterte klippfisk til ein verdi av 943 millionar kroner i første kvartal. I volum er det ein nedgang på 3 prosent, men verdien auka med 24 millionar kroner, tilsvarande 3 prosent.

Låge prisar på sild bidrog sterkt til den totale verdinedgangen. Noreg eksporterte 89.000 tonn sild til ein verdi av 756 millionar kroner i første kvartal. Det er ein auke i volum på 18 prosent, mens verdien fall med 108 millionar kroner, tilsvarande 13 prosent.

– Vi har ikkje sett lågare sildeprisar sidan 2011. Dette er i stor grad knytt til auka kvotar dei siste åra i kombinasjon med manglande tilgang til det historisk sett viktigaste sildemarknaden Russland, seier sjømatanalytikar Paul T. Aandahl.

Verdien av makrelleksporten fall med 160 millionar kroner. I volum fall eksporten med 23 prosent og verdien med 20 prosent.