(Sunnmørsposten): Under besøket i Ålesund tysdag tok Isaksen seg tid til eit privat møte med Rolls-Royce Marine for å bli oppdatert på salsprosessen.

– Dette er ei veldig viktig bedrift for den marine og maritime klynga her og det er ei viktig bedrift for Norge. No er det sjølvsagt reine marknadsvurderingar som vil avgjere dette salet, men eg er oppteken av å halde meg informert. Og i den grad det er viktig for eventuelle kjøparar at Norge er offensive, satsar på havnæringane og har politiske forpliktingar på området – så er eg oppteken av å få fram det. Eg er oppteken av arbeidsplassane og kompetansemiljøet, fortel Isaksen til Sunnmørsposten.

Statsråden ønskjer innspel

Næringsministeren er klar på at regjeringa ikkje skal blande seg inn i salsprosessen eller gå ut med signal om kven dei meiner bør få kjøpe bedrifta. Han er også tydeleg på at kreative forslag som har vore nemnt - som å bruke oljefondet til å kjøpe bedrifta - både er uaktuelt og ulovleg.

– Hva kan de eigentleg gjere?

– Det vi kan gjere - og må gjere - er å vise at dette er eit satsingsområde for Norge og at vi har budsjett som har auka og at vi er opptekne av forsking. Samstundes ønskjer vi innspel frå dei som måtte eige bedriftene, om korleis vi kan treffe næringa betre. Det å få fram engasjementet frå regjeringa, kan vere viktig for eventuelle kjøparar, svarer næringsministeren.

– Forsøker å finne dei mest seriøse kjøparane

Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce Marine fortel at det var næringsministeren som bad om ei orientering og at han ville høyre korleis prosessen gjekk.

– Kva kan du fortelje om det?

– Vi kan ikkje fortelje så mykje meir enn det vi veit førebels. Det har vore ganske stor interesse frå mange bedrifter. Det er eit selskap som heiter Lazard som handterer salsprosessen på vegne av morkonsernet vårt. Dei opererer omtrent som eigedomsmeklarar gjer, når dei skal selje hus. No forsøker dei å få det ned til dei som er dei mest seriøse kjøparane, svarer Wollebæk.

Denne saka blei først publisert på Sunnmørsposten sine nettsider.