Det skriv Børre Waagan i teknologiselskapet Creeact, som står bak Bazeat, i ei pressemelding.

- Bazeat er ein digital matbasar som byggjer bru mellom leverandør og kunde, slik at det vert enkelt å kjøpe mat direkte frå leverandøren. Bazeat er svaret på kundane sitt ynskje om eit større matmangfald, og meir informasjon om kvar og korleis maten vert produsert. Bazeat gjer at vi vert kjent med den som produserer maten vi et. Det er viktig for forbrukaren sin tryggleik.

Fleire kjende namn kjem til opninga

Det blir lansering i nyskapingsparken i Holmsildgata i Fosnavåg ettermiddagen 16. april. Dit kjem det også fleire kjende namn innom, til dømes innleiar Lene Havåg.

Leikong-busette Havåg og familien hennar levde på norsk mat i eitt år frå 1. november 2016. I oppsummeringa som Lene Havåg skreiv på bloggen sin den siste månaden av året med norsk mat, oppmoda ho andre til å vere med å ta eit ansvar. Ho skriv vidare at politikarar kan leggje føringar og leggje til rette for norsk matproduksjon og landbruk. Lene skriv at vala ein tek i kvardagen betyr noko for andre sitt levebrød og at ved å ete norske produkt so er ein med på å gje ei stemme til norsk matproduksjon.

Vil fjerne flaskehalsar

Direktesal av mat frå leverandør til kunde gjev høgare verdiskaping og meir sysselsetjing samanlikna med matvarehandelen ein har i dag, skriv Bazeat i pressemeldinga.

- Ei meir lønsam og berekraftig matomsetjing kan bidra til mange tusen nye arbeidsplassar. Ved å fjerne flaskehalsar mellom leverandør og forbrukar aukar mangfaldet, det vert meir innovasjon, konkurransen vert sunnare, prisen rettare og informasjonen betre, står det i meldinga.

Til opninga kjem også Lisa Mari Breivik Anderson og Gode Greier. Familiebedrifta som held til på garden Gjerdsbakk på Dimnøya i Ulstein Kommune. Frå hausten 2017 av har Gode Greier vore ein fulltidsjobb for Lisa Mari.

- Gode Greier ynskjer Bazeat velkomen slik at dei kan nå nye kundar i ein større marknad, skriv Bazeat i pressemeldinga.

Kjem gjer også Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr (H), regionalbanksjef i DNB, Camilla Hoddevik, Johan Barstad, forskar ved Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling, i tillegg til Martin Folldal, leiar av Sunnmøre Kulturnæringshage.