Med det blir altså snøggbåten Hareid - Ålesund - Valderøya Hong Kong-eigd. Transaksjonen blir etter planen gjennomført i månadsskiftet april/mai.

Det er Everbright Overseas Infrastructure Investment Fund LP (EOIIF), eit såkalla Private Equity infrastruktur-fond, som tek over transportselskapet Boreal, som til dømes driftar Hareidruta. Boreal melder at strukturen, leiinga og organisasjonen vil forbli uendra som følgje av eigarskfitet. Arbeidsplassane vil heller ikkje vere truga.– Det er positivt for Boreal å få ein ny langsiktig eigar med finansiell styrke, dette er viktig for konsernet sin ambisjon om vidare vekst innan infrastruktur. Vi vil samstundes understreke at dei nye eigarane vil stå for kontinuitet med fokus på våre kjerneverdiar – tryggleik, kvalitet og miljø, seier konsernleiar Kjetil Førsvoll i Boreal i ei pressemelding frå selskapet.– Vi er svært positive til eigarskiftet. Dette vil sikre kontinuitet og trygge arbeidsplassar, seier konserntillitsvalgt Roger Haagensen.