Avtalen blei inngått formelt tysdag:

No har Havila signert kystrutekontrakten

Havila Holding AS underteikna tysdag ein kontrakt om å drifta fire av rutene mellom Bergen og Kirkenes frå 2021.

Det er Havyard Group som står bak designet på dei fire skipa som Havila Kystruten AS skal drifte langs kystruta mellom Bergen og Kirkenes frå 2021.   Foto: Illustrasjon/Havila.

Næringsliv

(NPK): Ekspedisjonssjef Fredrik Birkheim Arnesen i Samferdselsdepartementet og administrerande direktør Per Sævik i Havila signerte avtalen tysdag. Kontrakten varer i ti år.

Ifølgje avtalen skal reiarlaget Havila, som held til i Fosnavågen på Sunnmøre, segla med fire nye skip frå Bergen til Kirkenes.

Tilbodskonkurransen om nye kontraktar har gått føre seg sidan 2017, og i mars varsla samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) at Havila skulle få kontrakten på fire av elleve ruter. Hurtigruten skal ta seg av dei sju andre. Samferdselsdepartementet legg opp til å underteikna kontraktane med Hurtigruten innan kort tid

Kystruta skal segla som i dag, med daglege avgangar frå 34 hamner gjennom heile året.