- Mange av jobbsøkjarane som registrerer seg hos Verto treng rettleiing i jobbsøkjarprosessen. Ofte er det små grep som skal til for å bli meir attraktiv på jobbmarknaden, og vi tilbyr jobbsøkjarkurs til grupper og rettleiing til enkeltpersonar, seier Henning Karlsen, administrerande direktør i Verto i ei pressemelding.

Bemanningsbyrået Verto, som rekrutterer tilsette til alle bransjar og fagområde, har hovudkontor i Fosnavåg. Direktøren fortel at mange jobbsøkjarar som tek kontakt med bemanningsbyrået synest det er vanskeleg å leite etter jobb.

- Mange veit rett og slett ikkje kva dei vil og er usikre på seg sjølve. Når ein kandidat har registrert sin CV og vi har ein samtale for å finne ut korleis vi kan hjelpe, spør vi alltid om kva for ønskje dei har for ein framtidig jobb. Overraskande mange seier dei ikkje veit kva dei vil. Samarbeidet med ein sertifisert coach eller rettleiar vil vere veldig gunstig i slike situasjonar, seier Henning Karlsen og legg til:

- Mewinn Coaching kan tilby rettleiing på ein heilt annan måte enn vi gjer i dag, og vi er veldig nøgde med å få med Winnie Støylen på laget.

Set stor pris på å få bruke kompetansen

Winnie Støylen er utdanna Life & Business-coach, og driv Mewinn Coaching, som har kontorstad i Ulsteinvik.

- Eg hjelper personar til å bli klar over kva som er viktig for dei, til å setje eigne mål og bidreg som ei støtte på vegen til å nå desse. Stort forventingspress både fra samfunn, familie, venar og ikkje minst seg sjølve, kan føre til at ein misser trua på eige potensiale – også i jobbsamanheng. Som coach lærer eg folk korleis ein skal bli medviten på, og ta i bruk sine eigne evner og talent, og til å bli trygg på seg sjølve. Eg setter stor pris på å få bruke mi nkompetanse i samarbeid med Verto, seier Winnie Støylen.