Ein treng ikkje gå lenger enn rundt to år tilbake i tid for å sjå Kleven i ein annan situasjon enn verksemda er i no. På det meste hadde konsernet 18 skip i ordreboka, til ein samla verdi på heile 11,2 milliardar kroner. Per i dag er det ein ordrereserve på 12 fartøy, men lista blir ganske mykje kortare berre før sommarferien i år, om ikkje nye kontraktar kjem til. Då skal nemleg tre skip leverast frå Myklebust Verft, medan Kleven Verft skal levere to.

Det skal mykje til for at Kleven kjem opp på eit slikt ordretal igjen med det første, men salsdirektør Arve Holstad ser mykje spanande i horisonten.

– Vi har ikkje noko nytt sånn umiddelbart, men det er mykje spanande innanfor yacht- og passasjersegmentet framleis. Men det er gjerne store prosjekt og lengre prosessar ein må gjennom før ein kjem til kontraktsskriving. Ein må tilbake til glansdagane før krisa for å finne sist det gjekk raskt å skrive nye kontraktar, seier Holstad.

Det er ei kjensgjerning at det blir mindre aktivitet ved begge verfta i 2019, sjølv om det ved Kleven Verft skal byggast eit ekspedisjonsskip til, ein yacht og dei siste Maersk-båtane skal ferdigstillast, og at ein ved Myklebust Verft truleg vil sjå fleire ettermarknadsoppdrag.

Håper på De Beers-kontrakt

Holstad legg ikkje skjul på at Per Sævik og Havila sitt inntog i Kystruten er spanande, og at bygging av slike skip er midt i blinken for Kleven.

Det mest konkrete no er likevel intensjonsavtalen med De Beers, om bygging av eit produksjonsfartøy til diamantutvinning.

– Vi håper jo at dette blir til ei kontrakt, og det ser veldig slik ut no. Vi satsar på å få til det.

Offshoreprosjekt fram i tid

Dei fleste i og kring den maritime bransjen er fullt klar over at offshoremarknaden er svært svak og utsett for tida. Men mange av dei same folka meiner at botnen er passert. I takt med at ratane blir betre, og talet på gamle supplyskip blir mindre, vil også behovet for ny offshoretonnasje kome tilbake.

– Generelt sett er det heilt stilt innanfor offshore no, når det gjeld nykontraheringar. Men vi ser at det er ting som rører på seg, og innan spesialtonnasje har vi trua på nye prosjekt ei stund fram i tid. I tillegg er det i år fyrste gong vrakingsprosenten av offshoreskip er høgare enn talet på nybygg. Det er eit godt teikn. Vi har trua, seier Holstad til slutt.

Kleven leverte ein diamantbåt til De Beers i 2016, og no jobbar konsernet med å sikre kontrakt på bygging av ein produksjonsbåt til same selskapet. Foto: Kleven.