Det var stor jubel då Kleven i oktober 2014 signerte ei storkontrakt med det danske gigantkonsernet Maersk på bygging av seks ankerhandteringsskip med ein opsjon på ytterlegare fire fartøy. Men så kom dei tøffe tidene og skylde innover den maritime næringa. Opsjonen blei som kjent ikkje erklært, og i fjor sommar kom i tillegg nyheita om at Maersk og Kleven var einige kring ei utsetjing av leveringa av dei siste fire skipa til 2018 og 2019.

Når det no byrjar å nærme seg sommaren året etter, går den nye planen som avtalt, fortel konstituert konsernsjef Olav Tanberg til Vikebladet Vestposten.

– Det fyrste skipet av dei fire siste blei levert på dagen det skulle bli levert. Med andre ord, heilt etter den nye planen. Det neste blir levert i slutten av mai, og dei siste to leveringane vil også høgst truleg skje til avtalt tid, seier Tanberg.

Han fortel elles at det ikkje er permitterte tilsette for tida, og at godt med folk er i arbeid.

– Men vi ser samstundes at aktiviteten i konsernet vil ta seg ned mot slutten av 2018, då til dømes dei siste nybygga frå Myklebust Verft blir levert til dei tider.

Forsvarleg val

Utover rolla han har som konstituert konsernsjef fram til Karsten Sævik tek over 1. juni, er Tanberg finansdirektør i Kleven-konsernet. Han veit difor ein ting eller to om korleis til dømes Maersk-utsetjinga har påverka økonomien.

– Eg kan sjølvsagt ikkje gå i detalj på avtalen vi gjorde i forhold til utsetjing av leveringane, men vi fekk i stand ein plan som også innebar at vi fekk ein kompensasjon frå Maersk for mellom anna finanskostnadane våre med å eige dei over ein lengre periode, noko vi gjer medan vi bygger dei. Isolert sett gjorde ikkje utsetjinga noko negativt utslag på økonomien. Det som derimot har skjedd er at byggetida på verftet som følgje av utsetjinga blir dradd ut over lengre tid, slik at totalkostnaden med å ha folk i arbeid, på alle prosjekta våre samla sett, blir noko større. Hadde vi vore nøydde til å setje frå oss andre oppdrag som følgje av utsetjinga, ville det vore ein langt meir betydeleg kostnad. Det gjorde at vi såg at dette var eit forsvarleg val å gjere, seier Olav Tanberg.

– Aldri positivt å utsetje

Det er stor aktivitet på både Kleven Verft og Myklebust Verft for tida, og Hurtigruten sitt nye ekspedisjonsskip MS Roald Amundsen nærmar seg stadig ferdigstilling, der det er godt pakka inn under ein presenning, for å sikre betre lakkeringstilhøve. Eit skår i gleda av å sjå dette majestetiske skipet vekse fram, er at ein tidlegare i år kunne melde at også Hurtigruten-leveringane måtte utsetjast.

– Det er aldri positivt å utsetje leveringar. Det er uheldig for Hurtigruten ASA, som måtte kansellere og refundere bestilte turar med skipet. Men vi har heldigvis god dialog med kunden, som også er ein av medeigarane i Kleven-konsernet. Kleven har heller ikkje direkteansvar for dei økonomiske konsekvensane knytt til utsetjinga, vi har ein skipsbyggingskontrakt som regulerer dette med leveringstid og eventuell dagsmulkt, seier Olav Tanberg.

– God medisin for Kleven

I fjor sommar var den økonomiske situasjonen så pressa i Kleven at konsernet såg seg nøydde til å hente inn frisk kapital. Inn kom 300 millionar kroner og nye medeigarar. Silk Bidco, Hurtigruten ASA-eigar TDR Capital og Petter Stordalen med sitt Strawberry Equity, kontrollerer no rundt 40 prosent av selskapet. Også andre medeigarar kom inn, blant dei fleire lokale, til dømes Åge Remøy. Selskapet gjekk samstundes frå å ha Kleven-familien som majoritetseigar, til å bli delt mellom fleire. Familien har i dag ein betydeleg mindre aksjepost i konsernet.

– Kapitalen har vore ein god medisin for Kleven, og nødvendig. Det er trist at selskapet ikkje er familieeigd lenger, men vi fekk i stand ei god løysing.

Det har derimot reist seg spørsmål om desse 300 millionane var nok for å snu situasjonen i konsernet.

– Vi skal leggje fram årsrekneskapen for 2017 om ei stund, så vi får ta igjen den diskusjonen ved eit seinare høve, seier konsernsjef Olav Tanberg til slutt.

Finansdirektør Olav Tanberg er konstituert konsernsjef i Kleven fram til Karsten Sævik tek over stillinga 1. juni. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.