Med denne siste kontrakten har Rolls-Royce så langt totalt selt sitt nyutvikla navigasjonssystem Autocrossing til montering i 18 norske ferjer som er under bygging eller som skal byggast. 16 av dei drivne av Fjord1, medan 2 skal FosenNamsos Sjø drive. Det skriv Rolls-Royce i ei pressemelding.

– Dei reisande får ta del i den mest miljøvenlege og moderne samferdsleløysinga som har vore i norske fjordar, og teknologien frå Rolls-Royce hjelper oss med realisere dette, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.

Den nye generasjonen av miljøferjer har årlege avgrensingar på energiforbruk. Dette står svart på kvitt i avtalane mellom ferjeselskapa og fylka. Rolls-Royce sitt Autocrossing-system er ei løysing for automatisk kryssing av fjorden, og sikrar at overfarta blir jamn og dermed meir føreseieleg når det kjem til forbruk.

– Vi er stolte over å få vere med på fornyinga av den norske ferjeflåten som no går føre seg. Myndigheitene fortener skryt for å leggje til rette for innovasjon og gode miljøløysingar, det gjer at den maritime industrien kan levere sin nyaste teknologi, seier Andreas Seth, SVP Electro, Automation & Control i Rolls-Royce.

Fin start på 2018

Anette Bonnevie Wollebæk, kommunikasjonssjef i Rolls-Royce Marine, fortel dette om avtalen:

- Fem av desse ferjene skal som kjent gå på Sunnmøre: Hareid-Sulesund og Ørsneset-Magerholm. Propellane blir levert frå Ulsteinvik og desse ordrane har gitt fabrikken ein fin start på 2018. Autocrossing-systemet er utvikla i Ålesund.

Energieffektivt

Systemet for automatisk fjordkrysning vil ifølgje Rolls-Royce kontrollere skipa sin akselerasjon, retardasjon, fart og rute.

To azipull-thrustarar og eit kontrollsystem frå Rolls-Royce sørgjer for at framdrifta blir tilpassa forholda, og bidreg til at overfarta blir mest mogleg energieffektiv. Propellane kan dessutan vri propellblada til seglstilling under overfarta, slik at propellane som ikkje er i bruk under overfarta kan skap minst mogleg motstand.

Kapteinen vil overvåke Autocrossing-systemet og kan ta over om naudsynt. Dersom kapteinen av ein eller annan grunn ikkje er i stand til å ta manuell kontroll, vil systemet stoppe fartøyet i trygg avstand frå land og halde det i sikker posisjon så lenge som naudsynt.