I april neste år skal Ålesund og Sunnmøre ønske hundrevis av utanlandske turoperatørar velkommen til Norwegian Travel Workshop 2019.

– Regionen husar nokre av dei mest spektakulære naturattraksjonane Noreg har å by på, og har inkludert desse i programmet på ein god måte, seier Bente Bratland Holm, reiselivsdirektør i Innovasjon Noreg.

At Ålesund og Sunnmøre er tildelt Norwegian Travel Workshop (NTW) neste år vart offentleggjort under avsluttinga av årets NTW i Stavanger.

– Dette gir oss ei eineståande moglegheit til å vise fram regionen vår til eksisterande og nye kontaktar og få festa posisjonen vår som «The Adventure Capital of the Fjords», seier reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Dei besøkjande skal få oppleve ikon som Geirangerfjorden, Sunnmørsalpane, Trollstigen, og jugendstilbyen Ålesund.

Neste års arrangement går av stabelen 1.–5. april. I desse dagane skal over 350 internasjonale kjøparar og like mange norske reiselivstilbydarar møtast for nettverksbygging og ikkje minst kjøp og sal av norske produkt og destinasjonar.

Norwegian Travel Workshop (NTW) er den viktigaste møteplassen for reiselivet, og vert årleg arrangert av Innovasjon Noreg i samarbeid med det lokale destinasjonsselskapet.