Vikebladet Vestposten fekk måndag morgon ein prat med den svært travle designaren via telefon frå Dubai. Dit kom han frå Singapore kvelden før, etter å ha vore i prat med moglege nye kundar i den asiatiske marknaden. Det finnast omtrent ikkje eit verdshjørne Øino ikkje har vore innom gjennom over 30 år som yachtdesignar. I mai eller juni vil han forsøke å komme oppover igjen til Ulsteinvik for å sjå på prosjekta han har gåande her.

– Eg håper det blir fint vêr! Sjølv om eg var i sørlege strok i påska, må eg seie at eg var litt misunneleg på vêret heime i Norge den veka, seier Øino lattermildt.

Designselskapet Espen Øino International er i yachtverda nærmast eit synonym for fabelaktige båtar, ofte bygd for nokre av dei rikaste menneska i verda. På lista over verdas 200 største yachtar finn heile 26 av Monaco-baserte Øino sine kreasjonar. Nummer éin målt i volum er eigd av den russiske milliardæren Alisher Usmanov. Kven har teikna den? Jo, Espen Øino. Han står til dømes også bak yachten til mannen som grunnla Microsoft saman med Bill Gates, Paul Allen. Begge kundane har blitt avslørt gjennom media, ikkje av Øino sjølv.

– Eg har svært strenge tausheitsklausular, så eg kan ikkje namngje ein einaste av kundane mine, seier Øino.

Øino blei fødd og vaks opp i Oslo, utdanna seg til å bli sivilingeniør skipsteknisk i Skottland, og etablerte i 1994 Espen Oeino International, etter å ha jobba for Martin Francis sitt designstudio og vore prosjektleiar på den legendariske yachten Eco (no kjent som Zeus).

Kunden var forelska i X-Bow

Du spør kanskje korleis ein av verdas fremste yachtdesignerar kom i kontakt med Ulstein på forblåste Sunnmøre? Ulstein X-Bow, forklarar Øino.

– Det var kunden som ville yachten skulle byggjast ved Ulstein Verft. Han er ein profesjonell aktør innanfor shipping sjølv, og kjente godt til verftet, produktet og kvalitetsnivået. Og X-Bow sjølvsagt. Han hadde forelska seg totalt i denne flotte baugforma. Vi starta arbeidet og tok kontakt med Ulstein. Så la vi grunnlaget for skipet som no er under bygging i dokkhallen i Ulsteinvik, seier Øino.

Han fortel at det aller først var ein litt annleis framgangsmåte ein hadde i tankane.

– I første omgang tenkte vi faktisk på å kjøpe eit eksisterande offshorefartøy og byggje det om. Men det blei fort klart at det ville gjere båten mindre komfortabel. Eit slikt skip er designa for å ha mykje last, og det er det ikkje så mykje av på ein yacht. Difor blei vi einige om å byggje ein ny, som skulle optimaliserast for alle typar forhold, seier Espen Øino.

Fruktbart og utfordrande

Yachtdesignaren fortel at samarbeidet med Ulstein og designavdelinga Ulstein Design & Solutions har vore fruktbart, men også utfordrande.

– Naturlegvis blir det slik til tider, men slik skal det også vere. Dette er ein kontrakt der Ulstein har ansvar for den maritime plattforma. Konseptet er at dei byggjer ei plattform som skal vere i stand til å dra for eigen maskin, for så å ein annan stad få montert inn yachtinteriør og få overflatebehandling. Det har vore litt diskusjonar kring kvar deira plattform stoppar, og kvar yachtdelen byrjar, men vi har kome fram til ei god løysing. I vår verd gjer ein jo vanlegvis alt på ein stad, men vi ser no at det fungerer også på denne måten. Bygginga av denne yachten blir gjort med nesten same modell som Kleven-bygde «Ulysses», der interiøret og overflata blei montert og gjort ferdig i Tyskland, seier Espen Øino.

– På eit slikt prosjekt er det viktig og utfordrande å stette alle behov og sørgje for å få på plass alle detaljane kunden ønskjer. Eit slikt type samarbeid, der yachtverda og offshoreverda møtest, er nytt både for dei og for oss. Men, det er det som gjer det så spanande. Så har Ulstein sjølve også nokre tankar om korleis ting skal vere. Dei kan vere tøffe desse nordvestlendingane veit du, seier han og flirer.

Moglegheiter i yachtmarknaden

Det er ikkje berre den superhemmelege yachten i dokkhallen på Ulstein Verft Espen Øino har jobba med. For like over Lyngnesvika, på Kleven Verft, ligg det eit skip under ein stor presenning, MS Roald Amundsen, som yachtdesignaren har vore involvert i utforminga av. Dei i alt to nye ekspedisjonsskipa Kleven byggjer for TDR Capital-eigde Hurtigruten er av Rolls-Royce-design, men har blitt finpussa av ingen ringare enn Espen Øino.

– Det var eit relativt avgrensa bidrag på desse ekspedisjonsskipa. Vi fekk overlevert designen frå Rolls-Royce, med rammer vi kunne operere innanfor. Så har vi gjort dei naudsynte grepa for at utforminga skulle bli best mogleg. Eg er godt nøgd med resultatet, det blir fine båtar, seier Øino.

Som absolutt trur at norske verft generelt kan ha noko å komme med når det kjem til yachtmarknaden.

– Dei er absolutt konkurransedyktige på det skipstekniske. Det er det ingen tvil om. Men dei har nok framleis ein del å lære om det reint yacht-spesifikke. Ein lærer ikkje dette faget over natta, ein må gjennom eit par prosjekt for å skjønne prosessane. Det har nok til dømes vore ei utfordring for Ulstein, som er relativt nye på dette med yacht, å finne det rette nivået ein må vere på når det kjem til detaljar. I yachtverda er ingenting tilfeldig. For dei var kanskje ei dør berre ei dør før dei gjekk i gang med dette prosjektet, men vi veit svært godt at det ikkje er så enkelt når det kjem til yachtkundar, seier Øino og legg til:

– Eg vil tru at norske verft generelt sett har eit godt utgangspunkt for å bli ein del av denne marknaden. Eg har jobba med dette i over 30 år no, og det har vore ei fantastisk reise. Det er også ein marknad som eg vil seie har utvikla seg på ein heilt fenomenal måte. Samstundes har eg alltid lurt på kvifor skipsbyggingsnasjonen Norge ikkje tidlegare har gjort gode nok forsøk innanfor denne marknaden.

Vil ha norske skipstypar

Øino ser ei utvikling i dagens yachtmarknad som kan vere ekstra positiv for oppdragshungrige norske verft.

– Eg ser ein trend blant yachteigarar og nye yachtkundar, der det er eit klart ønskje om å byggje båtar som i utforming er nærmare dei typiske norske skipstypane. Yachtar som kan gå kvar det skulle vere i verda. Og som nødvendigvis ikkje har dei mest hårreisande interiøra heller. På sikt meiner eg det er plass til eit norsk verft eller fleire i yachtmarknaden, som vil spesialisere seg. Men, dei bør då ha det som ein biaktivitet. Berre sjå på ein av medeigarane i Kleven-konsernet, tyske Lürssen. Dei har ein god modell, med om lag femti-femti-deling mellom forsvarsprosjekt og yachtprosjekt. Det har vist seg å vere ein utruleg bra kombinasjon, og ein opererer då ikkje under dei same syklusane, men ein får ein del overlapping når det kjem til kvar ein nyttar ingeniørane sine. Norske verft har vore veldig opptekne med offshore siste 30–40 åra, men ein såg kva som skjedde då krisa kom. Eg vil tru at dersom ein ønskjer å ha fleire bein å stå på er det mogleg på komme seg inn på yachtmarknaden. Men det krev ei justering i forhold til tilsette, kapital og at minst éin person blir fullt og heilt dedikert til å få verftet inn på marknaden. Dette er som sagt ikkje gjort over natta, seier Øino.

Øino er også involvert i Kjell Inge Røkke sitt nye forskingsskip, som skal utrustast ved Vard Brattvaag.

Yachtverda veit om Kleven

Espen Øino er godt opplyst kring aktørane som held til på Søre Sunnmøre, og sjølv om han ikkje var med på prosjekta Kleven hadde for den newzealandske milliardæren Graeme Hart, fortel han at dei to yachtane som blei bygd ved Kleven Verft har gjort verftskonsernet kjende i yachtverda.

– Då fyrste «Ulysses» var til sals fekk den mykje eksponering i pressa. Difor veit folk i yachtbransjen i dag godt kva for aktør Kleven er. Dersom Ulstein og andre, til dømes Vard, vil posisjonere seg på same vis, må dei også ha eit prosjekt som gir godt med eksponering. Då må det også vere ein vilje frå verftet si leiing. Å byggje yacht er ikkje det same som å byggje båtar til olje- og gass-industrien. Eit yachtprosjekt har ei mykje lengre tidsramme, til dømes, seier Øino avslutningsvis, før han hastar til neste møte.

Nordmannen Espen Øino, her ståande på bulben til Stella Maris, ein av båtane han har teikna, er mellom verdas fremste yachtdesignerar. Men, han fortel aldri kven kundane hans er. Blant kundane som ein derimot med sikkerheit kjenner til, finn ein mannen som grunnla Microsoft saman med Bill Gates, Paul Allen, og den russiske milliardæren Alisher Usmanov, som han teikna verdas største yacht målt i volum for, 156 meter lange Dilbar. Foto: Guillaume Plisson.
Dei flotte nye ekspedisjonsskipa Kleven Verft byggjer for Hurtigruten er av Rolls-Royce-design. Men, som ei siste krone på verket, blei jobben med å finpusse designen sett til den anerkjende yachtdesignaren Espen Øino. – Eg er godt fornøgd med resultatet, det blir fine båtar, seier Espen Øino til Vikebladet Vestposten. Foto: Hurtigruten ASA/Rolls-Royce.