(Sunnmørsposten): Hurtigruten skal oppgradere inntil ni av skipa sine til hydriddrift med gassmotorar og batteripakkar. Rolls-Royce Marine har fått oppdraget.

– Dette er ein veldig gledeleg og stor avtale for oss. Større enn vi har hatt på fleire år, seier Wollebæk.

Som førebels ikkje vil kommentere verdien på avtalen, utover at det vil bli ei stor og viktig kontrakt.

– Verdien kan vi ikkje gå ut med enno. Det er viktig å påpeike at dette er ein intensjonsavtale, og ikkje ei kontrakt. Det står att litt spesifikasjonar og detaljar før vi veit akkurat korleis løysingane blir sjåande ut.

– Gjennombrot

– Det er gøy at vi no får gjennomslag for dei investeringane vi har gjort for å utvikle miljøvenleg teknologi. Dette er eit gjennombrot for oss i marknaden for miljøvenleg teknologi. Så det er ein god dag på jobb, seier ho.

– Korleis feirar de?

– Veit du, dette har gått veldig fort, så vi har ikkje rukke å planlegge noko feiring. Det har vore veldig spennande og intense dagar for salsteamet som har jobba med det.

Kommunikasjonsdirektøren seier at avtalen med Hurtigruten betyr jobb for både Bergen, Ulsteinvik og Ålesund.

– Motorane kjem frå motorfabrikken i Bergen, medan det blir mykje jobb til servicefabrikken i Ulsteinvik og jobb for ingeniørane i Ålesund, seier ho.

Ifølgje Hurtigruten er dette den største miljøoppgraderinga i selskapet si historie. Nesten heile flåten skal byggast om til hybriddrift – med LNG-motorar og batteripakkar.

– Hurtigruten skal oppgradere seks skip med opsjon på tre til. Det dei skal gjere er å ta ut dei eksisterande dieselmotorane og erstatte det med hybridanlegg. Det inneberer også nye propellar og nye kontroll- og elektrosystem om bord. Hybridanlegget består av ein heilt ny gassmotor, seier Wollebæk.

Nye miljøkrav

Det har lagt i korta at Hurtigruten måtte modernisere skipa sine for å oppfylle nye krav om eit 25 prosent kutt i utslepp. Oppgraderinga gjeld i hovudsak skip som skal brukast på kystruta Bergen-Kirkenes, og skal vere ferdig før den nye avtalen trår i kraft i 2021.

– Dette er ei investering i framtida, og ein historisk dag for oss, for miljøet og for heile norskekysten. Kombinasjonen av batteripakkar og dei mest miljøvenlege og effektive gassmotorane på marknaden vil gje ein enorm miljøgevinst, seier konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten i ei pressemelding.

Som meiner oppgraderinga viser at det er mogleg å få miljøvenlege skip utan å byggje heilt nye.

– Hurtigruten planlegg oppgradering med vår aller nyaste og mest miljøeffektive motor som går på naturgass. Saman med dei øvrige nyheitene i energisystemet, vil Hurtigruten sine skip vere like effektive og grøne som om dei skulle vore splitter nye, seier Astrid Opsjøen, VP Product Sales & Advanced Offerings i Rolls-Royce Marine.

Bedre luftkvalitet

Hurtigruten har ifølgje pressemeldinga jobba saman med Bellona i valet av teknologi og miljøløysinger. Sigurd Enge, fagansvarleg for skipsfart i miljøorganisasjonen, seier at investeringane vil gje solide miljøforbetringar.

– Valet av LNG vil også gje betre luftkvalitet i hamnene som ikkje har landstraum, seier Enge.

Hurtigruten har dei siste åra brukt fleire hundre millionar kroner på å oppgradere flåten sin og gjere alle skip klargjorde for landstraum.

Denne saka blei fyrst publisert av Sunnmørposten. (Ekstern lenkje).