28-åringen frå Haddal har dei siste to åra fokusert mykje av si tid på å utvikle eit autonomt, skalerbart og komplett system for bruk av dronar. Det gjer han gjennom selskapet han starta etter at han var ferdig utdanna sivilingeniør i kybernetikk ved Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet (NTNU), Sevendof AS. Jostein Furseth og fire andre tilsette i selskapet jobbar med å utvikle eit fleksibelt, heilskapleg dronesystem for bruk over lange avstandar.

– Då eg starta Sevendof var målet for arbeidet noko enklare. Ikkje så enkelt reint teknisk, men konseptet var meir sentrert kring utvikling av eitt produkt. No har vi derimot skifta litt retning, fortel Furseth.

Frå enkelt drone til dronesystem

– Det fyrste prosjektet starta eigentleg med eit hovudmål om å utvikle eit flykonsept med hybridmotor. No har vi endra litt om på dette. Vi ser at marknaden framleis vil ha behov for luftborne fartøy som er kapable til å utføre fleire typar oppgåver. Men autonomi, og måten ein kan gjere arbeidet enklare på, blir viktigare og viktigare ute i marknaden.

Han fortel at fokuset til selskapet har skifta frå éi drone til eit nettverk av dronar. Sevendof utvikla nemleg dronen StormPetrel, ein industriell drone som toler røffe forhold og som har ei rekkjevidd på opptil 500 kilometer.

– Vi fann etter kvart ut at vi var nøydde til å famne om meir for å kunne lage eit produkt som var skalerbart. Slik vi tenkjer det vil vi utvikle eit nettverk som består av utplasserte garasjar eller stasjonar som dronane automatisk kan ta av frå og lande på, der dei også kan skifte utstyr automatisk. Det er også ein tanke at ein slik stasjon skal kunne dekkje eit større geografisk område, fortel Jostein Furseth.

Blir det slik som Sevendof håpar på, kan ein slik autonom drone til dømes ha ein operasjonsradius på over 100 kilometer og utover. Minimum 20 slike stasjonar, plassert rundt om i Norge, må til for å ha ein landsdekkjande beredskap.

– Vi meiner det er viktig for industrien at ein kjem seg opp ifrå nivået ein er på i dag når det gjeld bruken av dronar. Ei autonom løysing, som er industribasert og skalerbar, meiner vi heilt klart har eit stort potensial, seier Furseth.

Omfattande arbeid

Furseth grunnla Sevendof etter studiane ved NTNU, basert på masteroppgåva hans i kybernetikk. Han er teknisk sjef i selskapet, og nyttar no om lag all si tid på maskinvare knytt til det autonome systemet og prosjektleiing.

– Vi har sett av ein del ressursar på å utvikle gode IT-system og ein god IT-infrastruktur. Det er ein relativt omfattande maskinvare som må til for å få dette til å fungere slik vi ønskjer det skal fungere. Enkelt sagt skal ein kunne gå inn på ein nettlesar, definere kva som skal skannast eller målast med hjelp av kamera og sensorar om bord, setje i gang dronen, som så gjer overflyging over det aktuelle området, før den returnerer og lastar opp bileta og informasjonen den har samla inn.

Furseth fortel at Sevendof først vil utvikle eit minimumssystem for å demonstrere løysinga selskapet ser føre seg å tilby til ulike kundar i ulike marknadar. Når selskapet no har gått frå å utvikle ei enkelt drone til å utvikle eit komplett system, er det fleire aktørar som har meldt si interesse for løysinga Sevendof jobbar med.

Automatisk overvaking av straumnettet

Aktørane Sevendof konkret jobbar med no er TrønderEnergi og Powel. For TrønderEnergi Nett jobbar selskapet med å få på plass ei overvaking av straumnettet ved hjelp av det autonome dronesystemet. Straumnettet i Norge har ei totallengde tilsvarande ti gonger Jordas omkrins. I dag blir nettet overvaka ved å ta bilde frå helikopter og analysere desse manuelt.

– I motsetnad til dagens metode, vil vår metode verken vere spesielt tidkrevjande eller kostbar når den fyrst er på plass, seier Furseth.

Nyleg blei Jostein tildelt talentstipend frå Sparebank 1 på 20.000 kroner.

– Det var sjølvsagt veldig kjekt. Samstundes veit vi at det er utfordrande og kostbart å utvikle eit slikt system. Men det hjelper på med slike kjekke bidrag, seier han.

Som avsluttar med å seie at potensielle investorar i Sevendof er hjarteleg velkomne til å kontakte han.

Fekk stipend: Jostein Furseth blei nyleg tildelt eit stipend frå Sparebank 1. Foto: Pressefoto. Foto: Sparebank1
I verkstaden: Heime i garasjen sin i Heimdal har Jostein laga til ein skikkeleg verkstad. Foto: Privat. Foto: Privat
Autonomt: Slik ser Sevendof føre seg ein stasjon med eit autonomt dronesystem. Tanken er at dronen automatisk kan dra over lange avstandar og utføre oppdrag. Foto: Sevendof. Foto: Sevendof