(NPK-NTB): – Det finst mange ulike tal frå ei rekke offentlege og private aktørar, som ikkje gir eit oversiktleg bilete over kor mange norske sjøfolk vi har. No skal vi få dette på plass, seier Isaksen.

SSB er beden om å skaffe oversikt over kor mange sjøfolk som er registrert som arbeidstakarar i Noreg og som jobbar på norskregistrerte eller norskkontrollerte skip. Det har ikkje funnest kjelder som gir tilstrekkeleg oversikt sidan 2010 på grunn av nye regler for rapportering om arbeidsforhold til sjøs, opplyser næringsdepartementet.

Vanskeleg å skaffe god statistikk

Isaksen seier norsk kompetanse og norske arbeidsplassar i maritime næringar er viktige prioriteringar for regjeringa og påpeiker at staten bruker 2 milliardar kroner på tilskot til sysselsetting av sjøfolk. Reiarlaga betaler dessutan lågare skatt.

– Men det er også viktig for politikkutforminga å vite korleis det står til med talet på norske sjøfolk på norske skip. Det veit vi ikkje no, og dei siste ti åra har det vore vanskeleg å skaffe god statistikk som viser utviklinga, seier Isaksen.

Han opplyser at oversikta skal vere klar før sommaren.