Quality Hotel Ulstein har på berre ei veke totalt gjort om på restaurant- og barområdet.

– Ein får eit heilt anna førsteinntrykk, seier hotelldirektør John Bjørke nøgd.

– Vi hadde eit godt produkt frå før, men vi sleit litt med restauranten. Vi opplevde den som litt upersonleg, litt kald. Det såg meir ut som ein matsal. Dette gjer vi for gjestene våre og med det nye hotellet i Fosnavåg i bakhovudet, seier hotelldirektør John Bjørke.

I tillegg til restauranten, er baren no skilt frå resepsjonsdesken. Også ved inngangspartiet har det blitt endringar, med rundkøyring for å forhindre parkeringstrøbbel og betre lyssetjing. Også uteserveringa har no fått tak over seg.

– Det har vore eit stort, men heilt nødvendig fjesløft for hotellet, seier Bjørke.

Ynskjer dei lokale velkomne

Quality Hotel Ulstein er i utgangspunktet eit moderne konferanse- og businesshotell. Difor har mykje av klientellet i restaurant- og barområdet mest vore gjestar. Men med ein restaurant som ikkje lenger liknar på ein matsal, håpar direktøren at også lokalbefolkninga tek turen for å ta ein kaffikopp eller for å ete middag.

– Eg trur mange, kanskje spesielt dei lokale, har litt sperrer når det gjeld å gå på restaurant når den ligg inne på eit hotell. Vi ynskjer alle som ein velkomne, seier Bjørke og legg til:

– Vi har kunne gjere desse endringane fordi vi har ein huseigar som ynskjer at vi skal ha eit godt tilbod. Det er vi veldig nøgde med.

Bygget er nemleg eigd av lokale eigarar, men er leigd ut til Nordic Choice-kjeda.

– Sunt med konkurranse

Snart opnar hotellet i Fosnavåg dørene, men den ekstra konkurransen skremmer absolutt ikkje hotelldirektøren i Ulsteinvik.

– Nei, det er berre sunt at vi får meir konkurranse i området. På sikt vil det for regionen og næringa vere svært bra at nok eit hotell opnar dørene. Eg har også tru på at vi kan ta ein del marknadsdelar frå Ålesund, noko som også er positivt, avrundar John Bjørke.

Det er flotte detaljar å sjå rundt den nye baren, som no er skilt frå resepsjonen. Ein heilt unik lysglorie over baren og lys langsmed underkanten av bardisken på utsida er detaljar som imponerer visuelt. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll