Det Havyard-bygde fartyet "Polarsyssel" var laurdag døypt og feira i Longyearbyen på Svalbard. Tidlegare denne månaden vart "Polarsyssel" levert frå Havyard Ship Technology sitt vertf i Leirvik i Sogn til det islandske reiarlaget Fafnir Offshore. Skipet har ei langtidskontrakt for Sysselmannen i Svalbard, der det skal operere seks månader i året i seks år.

Nytt design i hardt vêr

På overfarta frå Tromsø til Longyearbyen fekk "Polarsyssel" verkeleg prøvd ut sjøeigenskapane sine då vindstyrken kom opp i full storm.

– Eg har aldri opplevd maken til båt. Vi hadde stiv kuling frå vest på størsteparten av overfarta og full storm på veg inn til Svalbard. Trass i dette oppførte fartyet seg eksemplarisk. "Polarsyssel" er retningsstabil og behageleg å vere ombord i med lite støy og vibrasjonar, seier kaptein Kjetil Enoksen som er svært nøgd med båten.

"Polarsyssel" er av typen Havyard 832 L WE (Wave Edition) og det første fartyet av sitt slag. Havyard Design & Solutions har utvikla dette designet særleg med tanke på brennstofføkonomi samt tryggleik og komfort for mannskapet både i godt og dårleg vêr. Kombinasjonen av dei straumlineforma undervasslinjene som endar i to kjølar akter og eit forskip som er utforma slik at bølgjene skal få minst mogleg flate å ta tak i har synt seg å fungere i praksis.

Celebre gjestar

I tillegg til representantar fra Sysselmannen på Svalbard, reiarlag, operatør og verft deltok samarbeidspartnerar frå bankar, meklarhus, oljeselskap pg andre på dåpen. I tillegg var Regjeringa representert ved justis- og beredskapsminister Anders Anundsen. Gudmor var Inger Aarvaag Stokke som no arbeider ved Polaravdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet. Ho har tidlegare vore tilsett ved Sysselmannen på Svalbard.

Visningstur i spektakulær natur

Etter at dåpsseremonien var vel gjennomført tok «Polarsyssel» gjestane sine med på ein tur på Isfjorden utanfor Longyearbyen. Den arktiske naturen med dei spektakulære fjellkjedene som omkranaer fjorden var eit flott bakteppe då «Polarsyssel» fekk syne seg fram i sitt rette element.

Remøy Management i Fosnavåg har ansvaret for teknisk og kommersiell drift av «Polarsyssel». Sigurd Remøy overleverte ei gåve til skuta som vart teken imot av skipper Kjetil Enoksen. Foto: Havyard