ULSTEIN har inngått ein kontrakt på design og utstyr til Van Oord sitt nye SRI-skip, ‘Bravenes’.

SRI står for ‘subsea rock installation’. Skipet er utvikla i nært samarbeid med Van Oord, og er det første fullintegrerte designet der ULSTEIN er ansvarleg for både utviklinga og integrasjonen av fartøysdesignet, og av utstyret som trengst for å gjennomføre skipet sine operasjonar. Fartøyet skal byggjast ved Sinopacific Shipbuilding Group i Kina, og er planlagt for levering i 2016.

Skipet er basert på eit unikt og innovativt design som inkluderer høgaste klasse av dynamisk posisjonering (DP3) og skrogforma ULSTEIN X-BOW®, og tilfredsstiller klassekrava Clean Design, Green Passport og isklasse 1A - PC7. Skipet og utstyret om bord er utforma med tanke på arbeid året rundt ved tøffe vêrforhold og høg sjø.

Mekanisert så mykje som råd

Som ein del av kontrakten vil ULSTEIN også levere hovudsystemet for utplassering av fallrør og dei fleste hjelpesystema til SRI-tårnet. ULSTEIN har hatt eit sterkt fokus på at løysingane skal vere enkle, og dermed sikrare og lettare å operere. Systema er mekaniserte så mykje som mogleg slik at menneskeleg handtering under utsetting og opptaking av fallrøret er minimalisert. Det har gitt eit robust og kundetilpassa system som effektivt kan skifte mellom eit breitt utval av steinstorleikar og installasjonsmodusar.

– Vi har hatt eit nært og godt samarbeid med Van Oord på dette prosjektet, seier Arjan Boezeman, direktør for sal og konseptutvikling i Ulstein Idea Equipment Solutions, eit selskap som mellom anna spesialiserer seg på utstyr for djupvassinstallasjonar. – Vi tok til arbeidet med å utvikle eit nytt og innovativt fallrør-tildekkingssystem sommaren 2013, og fekk prov på at systemet verka som tiltenkt gjennom fullskalaforsøk tidlegare i år. Systemet har vorte designa for å kunne gi gunstige installasjonssyklusar på djupner frå 600 meter og meir.

Edwin van Leeuwen, administrerande direktør i designselskapet Ulstein Sea of Solutions, legg til:

– Vi er svært nøgde med at Van Oord valde ULSTEIN til å utvikle fartøyet og løysingane. Saman med Van Oord sitt prosjektteam har vi heva standardane til SRI-fartøy, slik at det er endå meir berekraftig, sikrare og kostnadseffektivt.

Van Oord sitt nye subsea steindumpingsfartøy, ‘Bravenes’, kan legge stein på havdjupner frå 600 meter og nedover.