– Du kan seie dei tilreisande blei ganske fascinerte av kor godt den maritime klynga her ute gjer det, og korleis den klarer seg trass i at vi held oss langt ute i havgapet. Dette er ein flott måte å fremje det vi jobbar med her i den maritime klynga på Sunnmøre, seier Aleksander Eidem, styremedlem i YoungShip Møre.

Eidem fortel at dei to dagane gjekk med til faglege presentasjonar og diskusjonar, men også ei styrking av bandet mellom unge tilsette i maritim industri frå ulike stader i Noreg.

– Det er viktig at vi står samla som næring, og eg føler vi fekk mykje ut av dette, seier Eidem.

Føredrag og prisutdeling

Torsdag fekk deltakarane ein guida rundtur på Offshore-simulatorsenteret og Rolls-Royce sitt treningssenter ved Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund. Etter dette gjekk turen vidare til Høgskulen i Ålesund, der ein fekk oppleve litt av Ocean Talent Camp Møre og felles middag.

Fredagen starta med føredrag frå GCE, eller Global Center of Expertise, og aktørar som Vard og Farstad.

Young Corporation Award blei delt ut etter dette, ein pris som går til ei bedrift som har utmerkt seg i forhold til å ta vare på nye tilsette. Årets vinnar blei Gard, eit stort forsikringsselskap for den maritime næringa.

Verftsbesøk og paneldebatt

Turen gjekk så vidare til Ulsteinvik, der deltakarane blei delt opp i to grupper, der den eine drog til Ulstein Verft, og den andre til Kleven Verft. Seinare på dagen var Sunnmøre Folkehøgskule neste stoppestad. I auditoriet var det fyrst Havila Shipping, ved Njål Sævik, og Olympic Shipping, ved Stig Remøy, som heldt kvar sin presentasjon. Det blei så etterfølgd av ein paneldebatt.

– Vi diskuterte mykje om framtida, korleis det vil gå med næringa framover. Det dei tilreisande var mest opptekne av derimot, var som eg sa, at klynga samarbeider godt, sjølv om det er konkurranse. Det var ei fin avslutning på to kjekke dagar, seier Aleksander Eidem til slutt.